Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Arbeidsplan for 2018

Vedteken på årsmøtet 15.3.2018.

1. Stien Døsen–Viva. JH har fått støtte til tiltaket  frå Luster kommune og frå spelemidlar på ca. kr 200 000. Arbeidet er godt i gang, og parsellen Vigdal til Fossabrui er ferdig. Framover dalen må stien ryddast og utbetrast så snart snøen er borte. Arbeidet med 8 informasjonstavler er også i gang.

Tiltak/arbeid på stien Døsen–Viva som får støtte frå spelemidlar, må vere gjort ferdig til midt på sommaren 2018.

2. Stien Ormbergstøl–Høgebrui på austsida av dalen. JH har fått eit tilskot frå SMIL-midlar på kr 18 000. Det er allereie rydda mellom Åsen og Bruheim, og stien er fin å ferdast på. Stien over Ormbergshovden–Bogane–Ysteteigen er utsett for ras, og JH prøver å få avgrense parsellen til å omfatte strekningi  Ysteteigen–Bruheim. Frist for tilskotet er 14.5.2018.

3. Berget og Skulehuset. Det var planlagt å skifte kledning på brystveggen på stova i Berget i 2017, det nådde ikkje JH. Støtte frå kommunen på kr 8000 fell bort om me ikkje får utsetjing av arbeidet til ut på sommaren. Elles er det slått og opprydding både i Berget og ved Skulehuset.

4. Kverni. Der er ein del mindre utbetringar på kverndammen og på lukene nærmast kverni. Inne må tre-ringen rundt steinane skiftast ut.

5. Stadnamnprosjektet. For JH vil det og vere noko arbeidet i år også.

6. Kulturhistorisk årbok for Luster. Boknemndi har starte arbeidet med ny årbok, nr. 8.

7. Turar. Når Stien Døsen–Viva er restaurert ferdig, lyt me ha ei markering.

8. Aktivitet under marknadshelgi sommaren 2018 vil bli vurdert.

9. Annan aktivitet. Ut over dei planlagde aktivitetane dukkar det alltid opp arbeid/aktivitetar/tilskipingar som laget må ta del i.

Skriv ein kommentar