Main menu:

Undersider for 1814, 1905, val og folkerøystingar:

Du er her: 1814, 1905, val og folkerøystingar

1814, 1905, val og folkerøystingar

Her legg me ut kjelder og anna stoff om stortingsval, kommuneval og  folkerøystingar i Jostedalen. Dette inkluderer òg dei store rikspolitiske hendingane i 1814 og 1905 (sjå menyen til høgre).

Val til Riksforsamlinga
I mars 1814 fekk Jostedalen sine to fyrste folkevalde, Tøger Kruna og Rasmus Fåberg. Dei vart valde frå Jostedalen til amtsmøtet som skulle velje utsendingar frå Nordre Bergenhus amt til riksforsamlinga på Eidsvoll. Unionen med Sverige fall mange i Noreg tung for brystet, ikkje minst jostedalspresten.

Folkerøysting 1905
Den fyrste folkerøystinga jostedølene som nordmenn elles fekk sjansen til å vere med på, var om oppløysinga av unionen i august 1905. Her ligg ein liten stemningsrapport.

Stortingsval – røysteføre
Med 1814-grunnlova fekk Noreg eit Storting som skulle veljast av (delar av) folket kvart tredje år. Det er lagt ut ein del kjelder og anna stoff om kva jostedøler som hadde røysterett dei fyrste tiåra, kor mange dei var og kor mange som deltok i stortingsvala på 1800-talet og kven som vart valde til valmenn i Jostedalen.

Det lokale sjølvstyret
Med formannskapslovene i 1837 vart det òg oppretta eit lokalt folkestyre. Dei røysteføre skulle velje eit formannskap og eit kommunestyre til den nyskipa Jostedal kommune.

| |

Skriv ein kommentar