Årsmelding 2024 for Jostedal historielag
Godkjend på årsmøtet 18. mars 2025.
Styret har vore samansett av Kari Grov, leiar, Olav Grov, nestleiar og skrivar, Gunnar Ruud, kasserar, Kåre Reidar Aasen og Anita Aasen. Oddmund L. Hoel, Frode Svori og Borgar Rygg er varamedlemmer. Det har vore tre styremøte i 2024.
På årsmøtet i mars 24 var Per Birger Lomheim tilstades og snakka om vegar i Jostedalen i historisk perspektiv. Peder Kjærvik deltok og med godt biletmateriell.
Berget
Det har vore kontakt med eigarane i Berget. Eigarane veit no at det ikkje er aktuelt for det sitjande styret i Jostedal historielag å gå vidare med avtalen etter avslutta avtale i 2028.
Marknaden juli 24
Det var svært god oppslutning om utstillinga som Jostedal historielag laga til med tema: Bruer og vegar i Jostedalen. Deler av utstillinga vart og presentert i JSA -24. Det var mykje arbeid både med å finne sjølve tekstane og bileta, og montere utstillinga. Over 300 personar var innom utstillinga.
Filmane om Jostedalsrypa
2. november var det eit fellesarrangement saman med Breheimsenteret. Dei to filmane som Anja Breien har laga med tema Jostedalsrypa vart synte. Olav Grov las og opp segna slik Melchior Yttri fortalde ho til NRK radio i 1938. Full sal og gode attendemeldingar.
Jostedal historielag har no 67 medlemmer.
Styret
Publisert av Oddmund, 18. mars 2025 under Årsmeldingar.
Kommentarar: ingen
Skriv ein kommentar