Main menu:

Jostedalsleksikon på nett:

Til lokalhistoriewiki
Om lokalhistoriewiki

Bøker

Meldingar

Siste kommentarar

RSS Nytt på nett

Meldingsarkiv

Årsmøte med utvandring og leiarskifte

Jostedal historielag hadde årsmøte 18. mars.

Kari Grov gjekk av etter tre år som leiar og fleire år i styret. Takk for innsatsen!

Olav Grov vart ny leiar. I styret elles er Gunnar Ruud, Anita Aasen, Kåre Reidar Aasen og Peder Kjærvik.

Varafolk til styret er: Oddmund Hoel, Frode Svori og Borgar Rygg.

Godt oppmøte på årsmøtet.

Etter årsmøtet heldt Terje Joranger eit godt føredrag om utvandringa til Nord-Amerika. I år vert det markert at det er 200 år sidan den organiserte utvandringa frå Noreg starta. Den fyrste frå Jostedalen reiste frå Heljegarden i 1851. Sjå meir om utvandringa frå Jostedalen.

Mykje folk på føredraget, vel 60, frå ulike deler av kommunen. Kjekt.

Dei som vil, kan bli medlemmer i Jostedal historielag ved å vippse kr 200 til 760323.

Aktivitetsplan for 2025

Vedteken på årsmøtet 18.3.2025

Dei ulike nemnder/tilsynspersonar skal sjå etter både hus og vegar.

Gje ut eit sogeskrift.

Vurdere biletføredrag om «utvandring» på Marknaden i juli.

Årsmelding 2024 for Jostedal historielag

Godkjend på årsmøtet 18. mars 2025.

Styret har vore samansett av Kari Grov, leiar, Olav Grov, nestleiar og skrivar, Gunnar Ruud, kasserar, Kåre Reidar Aasen og Anita Aasen. Oddmund L. Hoel, Frode Svori og Borgar Rygg er varamedlemmer. Det har vore tre styremøte i 2024.

På årsmøtet i mars 24 var Per Birger Lomheim tilstades og snakka om vegar i Jostedalen i historisk perspektiv. Peder Kjærvik deltok og med godt biletmateriell.

Berget

Det har vore kontakt med eigarane i Berget. Eigarane veit no at det ikkje er aktuelt for det sitjande styret i Jostedal historielag å gå vidare med avtalen etter avslutta avtale i 2028.

Marknaden juli 24

Det var svært god oppslutning om utstillinga som Jostedal historielag laga til med tema: Bruer og vegar i Jostedalen. Deler av utstillinga vart og presentert i JSA -24. Det var mykje arbeid både med å finne sjølve tekstane og bileta, og montere utstillinga. Over 300 personar var innom utstillinga.

Filmane om Jostedalsrypa

2. november var det eit fellesarrangement saman med Breheimsenteret. Dei to filmane som Anja Breien har laga med tema Jostedalsrypa vart synte. Olav Grov las og opp segna slik Melchior Yttri fortalde ho til NRK radio i 1938. Full sal og gode attendemeldingar.

Jostedal historielag har no 67 medlemmer.

Styret

Føredrag om utvandring og årsmøte i historielaget 18. mars 2025

Kl 19 den 18.3 på Jostedal hotell er det årsmøte i Jostedal historielag.
Vanlege årsmøtesaker.
Kl 20 kjem Terje Mikael Hasle Joranger og held føredraget:
«Dei drog vest. Utvandringa frå Jostedalen til Nord-Amerika på 18- og 1900-talet.»
Hasle Joranger er fag- og forskningsdirektør ved Norsk Utvandrermuseum og professor i historie ved Universitetet i Innlandet. Han sit og i den nasjonale komiteen for 200-årsjubileet for utvandringa.
Servering av kaffi og kaker. Fri inngong.

Årsmøte 20. mars

Jostedal historielag held årsmøte på Jostedal hotell onsdag 20.3.2024 kl 19. Vanlege årsmøtesaker.
Det vert servering av pizza.
På årsmøtet vil Per Birger Lomheim fortelje om «vegbygging og brubygging i Jostedalen».
Vel møtt!

Markering av Sjur Hesjevoll

— Eit samarbeid mellom Jostedal historielag og Jostedal spel- og dansarlag.

I samband med marknaden til Jostedal Ungdomslag no den 29.7.23, vart minneutstillinga etter Sjur Hesjevoll avduka for publikum i Jostedal samfunnshus. Det er Einar Blikra som har bygt sjølve skåpet etter ide frå Håkon Hesjevoll. Håkon Hesjevoll har laga utstillinga i skåpet med premiar Sjur vann og litt anna minnestoff.

Det var og føredrag og konsert av Håkon Høgemo. Sjur Hesjevoll var sjølvsagt den sentrale både i ord og spel, men Håkon Høgemo fortalde og godt om tidlegare spelemenn i Jostedalen. Han snakka om «dialekten» til felespelet i Jostedalen og korleis spelet har utvikla seg. Det var ei interessant «historiestund» med høg kunstnarleg kvalitet. Det var svært godt frammøte, nær 150 personar på konserten.

Det vart gjort opptak av konserten, me vonar at han snart vil bli tilgjengeleg på nettet.

Olav Grov

Endeleg vart det årsmøte!

9. mars var det endeleg klart for årsmøte i Jostedal historielag etter at koronapandemien gjorde at årsmøta både i 2020 og 2021 vart avlyste.

Dei frammøtte fekk sjå Jostedal helselag sin 100-års jubileumsfilm om Breisete og fekk som vanleg god servering av Laila på Jostedal hotell.

Olav Stølen gav seg etter 14 års teneste som leiar i laget og fekk gåvekort, blomar og ein takketale som står nedanfor. Les meir »

Arbeidsplan for 2022

Vedteken på årsmøtet 9.3.2022. Les meir »

Årsmelding 2019-2021 for Jostedal historielag

Årsmøteinnkalling 2022 med årsmelding for 2019 (pdf)

Det vart ikkje halde årsmøte i 2020 og 2021 pga koronaen.

Fangstanlegg i Kulturminnesøk

I den nasjonale kartbaserte tenesta Kulturminnesøk finn ein no ei lang rekkje fangstanlegg. Einar Ese har registrert mange anlegg som Sverre Fossen og han sjølv tidlegare har dokumentert i skriftene sine.

Kulturminnesøk – zoom inn på Jostedalen

Fangstanlegg i fjellet – sida med tidlegare publikasjonar om fangstanlegg