Main menu:

Undersider for Jostedal kommune:

Du er her: Jostedal kommuneFattigstell

Fattigstell

Så langt attende som det finst skriftlege kjelder (kring 1600), vert vilkåra for jordbruksdrift i Jostedalen skildra som dårlege og allmugen som fattig. Dei fleste har likevel greidd å finne seg ein leveveg. Soga om dei fattige dreiar seg i denne samanhengen om dei som måtte ha hjelp til livsopphaldet og ikkje hadde familie som kunne ta seg av dei.

Framsida på fattigrekneskapen for 1771, sendt til overfattigtilsynet i BergenDet offentlege fattigvesenet i Bergens stift vart skipa ved ei kongeleg forordning i 1755. Den slo fast at det i kvart prestegjeld skulle skipast ein fattigkommisjon, eller soknekommisjon som han vart kalla. Medlemer i kommisjonen skulle vere soknepresten, lensmannen, medhjelparane til presten, og «tvende Sognemænd» som futen skulle utnemne etter framlegg frå presten. Kommisjonen hadde både ansvar for å dele ut midlar til dei fattige og å skaffe inntekter til fattigkassa.

Ansvaret for å få i gang ein soknekommisjon i Jostedalen fall dermed på Matthias Foss, som hadde vore sokneprest sidan 1742. Kommisjonen kom raskt i arbeid og ser ut til å ha vore i jamn drift dei følgjande tiåra, motsett ein del andre prestegjeld som hadde problem med å få arbeidet på stell. Men det må leggjast til at soga til fattigstellet i Jostedalen ikkje har vore granska.

Framsida på protokollen til fattigkommisjonen, som byrjar i 1812Soknekommisjonen skulle kvart år sende rekneskap og rapport til overfattigtilsynet for Bergen stift i Bergen. Hovudkjelda til fattigstellet i Jostedalen på 1700-talet er desse rapportane, som finst for alle år frå og med 1756, i snitt kring 4 sider per år. Frå 1812 har ein i tillegg fattigkommisjonen sin rekneskapsprotokoll, som ligg i arkivet til Jostedal sokneprestembete (Statsarkivet i Bergen). Frå 1838 vart ansvaret for fattigstellet overført til dei nye kommunane.

I Jostedalen, som mange andre stader, har ein òg døme på privat arbeid for dei fattige i tillegg til det offentlege fattigstellet. I menyen til høgre finn ein opplysningar om fattiglegatet sokneprest Johannes Lind og kona Anne Marie Lind skipa i 1802.

Nyttige nettressursar

| |

Skriv ein kommentar