Main menu:

Undersider for Jostedal kommune:

Du er her: Jostedal kommuneSkulehistorieSkulefundasen 1741

Skulefundasen 1741

Allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd på eit møte 17. oktober 1741. Her ligg den originale skulefundasen som vart sett opp på møtet.

pdf Skulefundas for Jostedalen 17.10.1741 (1,7 Mb, gotisk handskrift) 

Kjelde
Statsarkivet i Bergen. Bjørgvin biskop. Rekneskapssaker nr. 13, Skulefundasar.

Merknad
Kong Kristian 6. hadde med forordninga om skulane på landet i Noreg 23. januar 1739 avgjort at det skulle opprettast ein allmugeskule i Noreg. Ei ny kongeleg «placat» 5. mai 1741 gjorde om forordninga til ei rettleiande føresegn for Noreg, og dette var den direkte årsaka til organiseringa av allmugeskulen i Bergens stift.

Stiftsamtmann over Bergens Stift, Jonas Lym, gav 5. juli 1741 ordre til futen over Ytre og Indre Sogn, Ananias Harberg, og prosten for Sogn, Anders Daae, om å få på plass eit skulestell i prostiet. Utover hausten heldt så Harberg og Daae skulemøte med kvart prestegjeld der skulefundasar vart oppsette i lag med presten og nokre menn frå allmugen.

Dette skjedde på eit felles skulemøte for prestegjelda Luster, Hafslo og Jostedalen i Solvorn 17. oktober 1741. Sokneprestane i Luster og Hafslo hadde gjort heimeleksa og møtte med framlegg til skulefundasar. Jostedølene måtte derimot melde at dei ikkje hadde noko «Skriftlig project til indleverelse», så fundasen for Jostedalen vart sett opp på grunnlag av dei for Luster og Hafslo.

Jostedalen hadde vore utan fast prest sidan våren 1738. Matthias Foss var utnemnd til embetet 5. mai 1741, same dagen som kongen signerte skuleplakaten for Noreg, men kom ikkje til Jostedalen før i april 1742. Det var såleis kapellanen på Leikanger, Gert Geelmuyden, som vikarierte i Jostedalen på denne tida. Han møtte på skulemøtet i lag med lensmannen Tøger Snøtun og bøndene Rasmus Kruna, Anders Ormberg og Christopher Bakken.

Fundasen fastslo at det ikkje var grunnlag for fastskule i Jostedalen. Klokkaren Ole Knutson Grov skulle vera skulehaldar, men han var «gammel og svag» og skulle difor ha hjelp av husmannen Klaus Olson fram til sonen Otto Grov var gamal nok til å ta over. Det kom rett nok aldri til å skje. Vidare vart det fastsett løn for læraren, kva skulebøker som skulle nyttast, lengda på skuleåret, kor mykje skatt bøndene skulle betale til skulekassa og ikkje minst ei rekkje sanksjonar overfor dei som ikkje betalte eller sende ungane sine til skulen. Fram til ein sokneprest var på plass, skulle Anders Erikson Ormberg styre med skulekassa. Men sidan han «ey selv forstaaer … at Skrive», skulle rekneskapen setjast opp av klokkar Ole Grov.

Skulereforma var ein del av statspietismen der føremålet primært ikkje var å læra borna å lese og skrive, men å gjere undersåttane til gode kristelege. Fundasen hadde såleis òg eit punkt om at presten skulle utnemne menn til å halde auga med at sundagar og heilagdagar vart haldne heilage – at folk ikkje arbeidde, reiste, dansa, drakk, heldt «Vaage-Stuer» eller spela kort.

Skulemøtet i Solvorn og fundasen er grundig omtala og sitert av Kåre Øvregard.

Litteratur
Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.

| |

Skriv ein kommentar