Main menu:

Du er her: Bank og næringslivJostedal bygdemagasin

Jostedal bygdemagasin

Justedals Bygdemagazin kom i gang i 1824. Det var eit kornmagasin, eller ein kornbank, slik mange bygder hadde. Gardbrukarane kunne setje inn og låne korn til rente etter behov. Etter kvart lånte magasinet òg ut pengar og fungerte som ein vanleg bank.

Kapitalen vart nytta som grunnfond i Jostedal sparebank då kornmagasinet vart nedlagt og banken skipa i 1895. Forhandlingsprotokollane for heile levetida til magasinet er bevarte.

Sjølve magasinbygningen stod på Magasinhaugen i Prestegarden der prestegardstunet ligg i dag.

Les meir

Arkivtilfang

  • Forhandlings- og rekneskapsprotokoll 1823-1869 ligg i arkivet til Jostedal sokneprestembete, Statsarkivet i Bergen [Katalogoppføring, Arkivportalen]
  • Protokollen for 1869-1895 og reskontrobok og låntakaroversyn for 1883-1895 ligg i arkivet til Jostedal bygdemagasin, Fylkesarkivet i Vestland på Leikanger [Katalogoppføring, Arkivportalen]
| |

Skriv ein kommentar