Main menu:

Undersider for Bøker og blad:

Du er her: Bøker og bladViktige bøker om jostedalssogaLaberg: Jostedalen. Ei stutt utgreiding (1936-48)

Laberg: Jostedalen. Ei stutt utgreiding (1936-48)

Jon LabergDen grundigaste framstillinga av soga til Jostedalen var lenge den Jon Laberg (1859-1948) skreiv i 1930- og 40-åra med tittelen  Jostedalen. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Framstillinga hans er mykje lesen av bygdefolk og mykje nytta av dei som seinare har skrive om ulike sider ved jostedalssoga. Ho har såleis vore svært viktig når det gjeld å forme jostedølene sitt syn på si eiga historie.

Jostedalssoga til Laberg vart prenta i tre delar i Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (1939-1948). Den fyrste delen var då utgjeven tidlegare (1936) som eige hefte. Ein vil difor finne ulike årstal og sidetal hjå dei som viser til Laberg, og det kan vere noko forvirrande. Den tredje delen kom òg som særprent, men same år og med same sidenummerering som tidsskriftartikkelen. Dette galdt truleg òg andre delen sjølv om det ikkje er stadfest. Dei tre delane er aldri utgjeve samla.

Nedanfor er dei tre delane tilgjengelege digitalt. Ein finn òg båe versjonane av fyrste delen. Filene er i pdf-format (1,1-4,2 Mb). Me har dessutan laga ei innhaldsliste som gjer det lettare å finne fram.

Innhald

Del 1 – Tidsskriftet, nr. 10, 1939 (sidetal frå særprentet 1936 i parentes)
Forord, s. 15 (s. 3)
Innleiding, s. 16 (s. 5)
    Folketal, s. 19 (s. 8)
Næringsvegar, s. 21 (s. 10)
    Jordbruket, s. 21 (s. 10)
Gard og brukarar, s. 22 (s. 11)
    Myklemyr, øvre, s. 22 (s. 11)
    Myklemyr, nedre, s. 27 (s. 16)
    Øy (Øyi), s. 33 (s. 22)
    Ormberg, s. 35 (s. 24)
    Ormbergstøl, s. 39 (s. 28
    Fossen, s. 39 (s. 28)
    Sperla, s. 43 (s. 32)
    Sperløyane, s. 46 (s. 35)
    Åsen, s. 47 (s. 36)
    Nedrelid, s. 52 (s. 41)
    Bruheim, s. 56 (s. 45)
    Bakken, s. 61 (s. 50)
    Bjørk, s. 63 (s. 52)
    Vamberg, s. 68 (s. 57)

Del 2 – Tidsskriftet, nr. 11, 1944
    Ytri, s. 7
    Kjervik, s. 9
    Kreken, s. 11
    Espe, s. 18
    Elvekrok, s. 21
    Mjelvær, s. 25
    Lid, s. 35
    Fåberg, nedre, s. 37
    Fåberg, øvre, s. 40
    Haugen, s. 47
    Helgegarden, s. 51
    Kronen (Kruna), s. 54
    Snetun, s. 58
    Grov, s. 64
    Bersæter, s. 69
Skulen i Jostedal 1741-1850, s. 76
Kyrkja i Jostedal, s. 82

Del 3 – Tidsskriftet, nr. 13, 1948
Prestar, s. 181
Lensmenn, s. 192
Heradsstyret, s. 194

Om Jon Laberg

Omtale i Lokalhistoriewiki
Omtale i NRK S&Fj sitt fylkesleksikon
Jon Labergs arkiv – arkivkatalog (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

| |

Kommentarar

Kommentar frå Larry Anderson
Tid: 11. juni 2012, 00:13

I am wondering if these books are still available to order. If you could let me know I would appreciated it greatly.

Larry Anderson

Kommentar frå Oddmund
Tid: 11. juni 2012, 10:49

Hi Larry!
The books are not in ordinary sale, but are avilable from antiquarian book shops, see http://antikvariat.net. (Search: Tidsskrift for historielaget for Sogn). Today vol. 10 and 13 are for sale separately, but not vol. 11.
Oddmund Hoel

Kommentar frå Arlene Lenzo
Tid: 20. september 2013, 02:48

I am wondering where to get copies of info on Faaberg and Nigard farms.

Regards
Arlene

Kommentar frå Gudlaug Nedrelid
Tid: 15. februar 2015, 00:34

«Dei tre delane er aldri utgjeve samla.» Det er eg ikkje sikker på? Eg har eit eks, kjøpt antikvarisk i dyre dommar, der alle tre delane er samla, rett nok med tre tittelblad (utan årstal på det fyrste og det tredje) MEN DER SIDENUMMERERINGA ER FORTLØPANDE HEILE VEGEN! Ytri (fyrste side i del 2) står på side 61, som er utan sidetal, men fylgjande side er 62 osv. Kyrkja i Jostedal står på side 136. Den 3. delen byrjar på side 140. Den sida er ogso utan sidetal, men fylgjande side er 141. Og so fortset det, med lensmenn på side 153, heradstyret på s. 155 og Justedalens kortelige beskrivelse på side 161. Fortløpande nummerering går gjennom alle tre delane, og derfor trur eg dette må ha vore ei utgjeving av alle tre delane under eitt. Ho er trykt på Ingvald Husabø prenteverk.

Skriv ein kommentar