Arkivtilfang om skulesoga i Jostedalen finst hovudsakleg på to stader.
Jostedal sokneprestembete (Statsarkivet i Bergen): Presten var ansvarleg for skulestellet i prestegjeldet fram til folkeskulelova 1889. Mykje skulehistorisk tilfang finst såleis i arkivet etter presteembetet (i Statsarkivet i Bergen). Her ligg mellom anna skulerekneskap 1812-54 og protokollen til skulekommisjonen/skulestyret 1854-1903.
Sjå arkivkatalog (pdf) | Meir om prestearkivet.
Jostedal kommune (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane): Her ligg hovudtyngda av arkiva etter skulestyret (protokollar frå 1903) og dei einskilde krinsane/skulane. Sjå arkivkatalogen til fylkesarkivet (skriv «jostedal» i «arkivskapars namn», så kjem skulestyret og alle aktuelle nemnder og skular opp).
Publisert av Oddmund, 20.07.2009 (sist endra 09.07.2010)
Skriv ein kommentar