Main menu:

Undersider for Jostedalsrypa:

Du er her: Jostedalsrypa

Jostedalsrypa

Sjå jostedalsrypa i meldingsarkivet for medieoppslag og smånytt, mellom anna i samband med arkeologiprosjektet.

otto-sinding-jostedalsrypa.jpgDen gripande segna om Jostedalsrypa har gjort Jostedalen kjend og Svartedauden levande for norske skuleelevar gjennom eit hundreår.

På desse sidene finn du ulike variantar av segna, litteratur om segna og døme på korleis ho har vorte brukt i litteratur, biletkunst og film.

Segna skildrar korleis folk prøvde å flykte frå pesten, korleis dei likevel vart råka, at berre éi lita jente overlevde, korleis ho vart attfunnen og korleis det seinare gjekk med henne. Liknande motiv går att i ei rad segner om Svartedauden landet rundt.

Alt i ei tysk geografibok av Johann Hübner frå 1695 blir folk av «rjupeslekt» i Jostedalen omtala. Den mest kjende slekta som hevdar å ætte frå rypa, er embetsmanns- og godseigarslekta Heiberg frå Luster som går attende til 1600-talet. P. A. Heiberg (1817) og Hans K. Heiberg (1864) er i skriftene sine svært opptekne av dette.

Ein variant av segna vart nedskriven (1715) og prenta (1735) uvanleg tidleg. Ho vart nemnd og nytta i skrifter både av Holberg og Pontoppidan på 1700-talet. Det store offentlege gjennombrotet for Jostedalsrypa kom med segnsamlinga til Andreas Faye 1833/1844. Det var med denne banebrytande utgjevinga at norske lesarar verkeleg fekk augo opp for den rike segnskatten som levde på folkemunne. Når det er segna om Jostedalsrypa som er mest kjend av alle segner om attlevande etter pesten, er det nok i stor grad fordi det var den Faye tok med.

I dei eldste skriftene der segna er attgjeven eller nemnd, blir ho rekna som historisk ”sann”. Utover på 1800-talet fekk ein så augo opp for det som Kjell Bondevik uttrykte slik i 1939: «Segni gjev oss eit godt tidsbilete, men kann ikkje takast bokstavleg. Ho fortel meir um diktarhug, fantasi og granskartrong enn um historiske fakta. Ogso på eit anna umkverve er ho viktig: me fær sjå kor traust tradisjonen held seg.»

| |

Kommentarar

Kommentar frå Marianne Skånland
Tid: 8. juli 2020, 12:43

For et flott nettsted. Her var det mange interessante oppslag å utforske.
Det var i anledning corona-pandemien jeg fikk lyst til å lese mer om andre epidemier og pandemier. Wikipedia hadde et ganske bra oppslag om Svartedauden:
https://no.wikipedia.org/wiki/Svartedauden
(selv om noen av opplysningene i oppslaget motsier andre: hvor mange som døde av pesten i Norge)
Det oppslaget førte videre til et om Jostedalsrypa:
https://no.wikipedia.org/wiki/Jostedalsrypa
og så ble jeg ledet til Jostedal historielag. Dere har sandelig lagt ned et stort arbeid med interessante ting.

Skriv ein kommentar