Main menu:

Undersider for Kulturminne:

Du er her: KulturminneGarden BergetKulturlandskapet i Berget

Kulturlandskapet i Berget

[Frå Leif Hauge og Ingvild Austad: Kulturlandskap og kulturmarkstypar i Luster kommune. Kulturlandskap i Sogn og Fjordane. Bruk og vern. Rapport nr. 5. Sogn og Fjordane DH skrifter 1989:8. Side 60-63]

Lokalisering og areal

Berget ligg på Fåberg i Jostedalen som den øvste garden i grendelaget, kring 500 m.o.h., figur 27. Den er tilgjengeleg gjennom fylkesvegen og den kommunale vegen gjennom Jostedalen. Garden Berget har kring 25 dekar innmark. Området er dekka av kartbladet 1418 III-Jostedalen i serien M-711 og av økonomisk kartverk BE-086-5-3.

Historie

Det er usikkert når Berget vart rydda, men det er truleg ein gamal husmannsplass. Garden er nemnt 1829 då Ole Sørensen fekk skøyte på bruket. Han tok etternamnet Berget og vart sidan kalla Ola i Berget. Bygningane er av uviss alder, årstalet 1880 er hogge inn i ein stein i fjøset. Mest truleg er stovehuset det eldste i tunet og dei fleste andre husa oppførte i slutten av forrige hundreåret. To jordkjellerar noko over tunet kan og vere gamle. Her heldt temperaturen seg jamt låg gjennom heile året og utgjorde ein ideell lagringsstad lar poteter og mjølkeprodukt.

Før fråflyttinga ut på 1960-talet utgjorde Berget eit intensivt utnytta heilskapleg kulturlandskap med åkrar og slåtteenger, figur 28. I lia over låg slåtteteigar og ulike hagemarkstypar. Elles var utmarka og fjellområda svært viktige for drifta på denne høgdegarden.

Skildring av området

I dag står det 5 hus og husgrunnar på Berget, bygde på nesten naken berggrunn. Her er stovehus, kyrafjøs, låve med stall, geitefjøs og stabbur. Noko over tunet ligg to jordkjellerar og litt lenger aust eit turkehus. I tunet er det og tufter etter eit fjøs og ein annan bygning. l tilknyting til innmarka står og ei lita høyløe. Dei fleste husa er i forfall, spesielt stovehuset og løa som har utett tak.

Stovehuset 1 1/2 etasje er reist i lafteverk. Huset er kledd med liggjande bordkledning og står på ein massiv gråsteinsmur utan kjellar. Taket var opprinneleg av torv, men vart på 1960-talet skifta ut med bølgjeblekk. Stovehuset er inndelt i stove, kammers og gang. Låven og stallen er bygd saman av lafta rundtømmer. I løa er det dels stort mellomrom mellom stokkane for å betre utluftinga. Stallen står vinkelrett på den langstrakte løa. Begge bygningane hadde opprinneleg torvtak.

Eit lafta stabbur står på trepålar i øvre del av tunet. Ei solid steintrapp leier opp til døra, men er fråskilt stabbursveggen lar å hindre at mus skal kome inn. Stabburet har to rom, det eine nytta som kledelager og som soverom for arbeidshjelp. Den andre delen utgjorde eit tradisjonelt matvarelager. Torvtaket er framleis relativt tett slik at stabburet framleis er i rimeleg god stand.

Både kyrafjøset og geitefjøset/lauvløa er borte, berre murane står att. Kyrafjøset var ein imponerande steinbygning med torvtak. Etter utrasing av gavlen vart denne erstatta med lafta tømmer. Karakteristisk i muren er dei to bogeforma døropningane, konstruerte etter brubyggjarprinsippet. Dei tjukke grunnmurane av geitefjøset står i øvre del av tunet. Fjøsen vart nytta fram til at det vart slutt med geitehald i 1948. Oppå fjøsen stod ei lauvløe i tre som rasa saman på 1950-talet.

Like utanfor tunet står ei turkestove med tømmerveggar og torvtak. Her var tidlegare ein muromn utan pipe eller åre til å leie røyken bort. Bruken som turkestove tok slutt i 1945 og huset er sidan nytta som lager. Eit stykke nedanfor garden ligg ei lita høyløe reist av ujamne bjørkestokkar. I hellinga over tunet ligg to jordkjellerar murte opp av stein, dekka med store heller og eit torvlag. Jordkjellarane var i bruk som lagringsstad for poteter heilt fram til at garden vart fråflytta.

I tilknyting til innmarka finst ulike tekniske anlegg. Ein oppmurt veg fører inn i tunet. Vegen har rasa ut nokre stadar og er delvis overgrodd av gras og urter. Eit spesielt anlegg er den ringforma steingarden med ein diameter på kring 20 m som innhegnar ein liten kalle ved innmarka. Området kalla “pateris-kve-muren” vart brukt til turkestad tar poteris trå dei kringliggjande åkerlappane. Her fekk ikkje beista tak i potetriset som etter turking vart lagra i løa og nytta til for.

Fleire rydningsrøyser ligg i tilknyting til inn- og utmarka. Ein markert steingard fører langs sør- og austsida av gardstunet. Den er framleis i god stand trass i noko utrasing. Steingarden gjekk tidlegare samanhengjande kring innmarka. Etter at elektrisk gjerde kom i bruk her, vart nok steinar tekne frå garden og nytta til andre føremål. I innmarka er det og restar etter veiter, nytta både til kunstig vatning og til drenering av overflatevatn. Frå ein liten bekk like sør-aust for tunet går forgreiningar mot innmarka, vatnet vart delvis leia i trerenner (slok).

Ulike engsamfunn dominerer no på den tidlegare innmarka. Feltsjiktet er frodig og artsrikt med mange artar knytte til den tidlegare slåtteengfloraen. Vanlege artar er sølvbunke Deschampsia cespitosa, gulaks Anthoxanthum odoratum, engkvein Agrostis capillaris, skogstorkenebb Geranium sylvaticum, hundekjeks Anthriscus sylvestris, firkantperikum Hyperiqum maculatum, engsyre Rumex acetosa og tepperot Potentilla erecta. Kring husa, og spesielt ved kyrafjøsen, dominerer dei nitrofile urtene bringebær Rubus idaeus og nesle Urtica dioica.

Framleis er det åkerland på Berget. Ein liten potetåker ligg i hellinga under tunet. Utmarka har grodd til med småkratt og skog som etterkvart skjuler dei mange slåtteteigane og hagemarksareala. Framleis tinst einskilde restar etter dei mange styvingstrea her, hovudsakleg av vanleg bjørk Betula pubescens. Også fleire andre lauvtreslag vart hausta, både osp Populus tremula, hegg Prunus padus, selje Salix caprea og rogn Sorbus aucuparia vart lauva. Ein gamal seljestuv med omfangsrikt sekundært greinverk står noko under tunet. Gamle stuvar er elles hogne og nytta til ved.

Skjøtsel

Den rike og varierte bygningsmassen på Berget er i forfall. Dei einskilde husa må påkostast omfattande utbetringar om dei skal førast attende i original og brukbar stand. Enklare fasade- og takrestaurering kan og vere aktuelt. Dei ulike tekniske anlegga ved tunet må og fristillast og utbetrast, spesielt ved oppmuring av utrasa steinopplegg. Innmarka må slåast for å oppretthalde ein urterik flora og hindre attgroing. Hagemarka ovanfor tunet må opnast og nokre slåtteteigar restaurerast for å vise strukturen i det gamle landskapet.

Verdivurdering

Berget utgjer eit heilskapleg og typisk kulturlandskap for Jostedalen. Innslaga av element er framleis varierte og forfallet ikkje altfor omfattande. Bruket er eit godt døme på strukturen til ein høgdegard der utmarks- og stølsdrifta var svært viktig.

Berget i restaurert stand vil vere viktig både i reiselivs- og jordbrukssamanheng. Det kan utgjere eit bygdemuseum, gjerne som eit levande økomuseum med aktiv drift i sommarhalvåret. Plassen vil då utgjere ein viktig referanse for det gamle jordbrukslandskapet.

| |

Skriv ein kommentar