Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølar

Folk, gardar og stølar

Her ligg ei rekkje kjelder i to av dei viktigaste kjeldetypane for den som er ute etter person- og gardshistoriske opplysningar:

Ut over dette kan me ikkje tilby slektshistorisk informasjon på denne nettstaden. Det finst likevel mykje anna å hjelpe seg med på nettet og i bokform:

Lars E. Øyane: Gards- og ættesoge (1994)
bygdebokJostedalen fekk si store gards- og ættesoge i 1994, skriven av Lars E. Øyane. Boka er band 5 i storverket Bydebok for Luster kommune – gards og ættesoge.
Fulltekst og omtale

Jon Laberg: Jostedalen. Ei stutt utgreiding (1936-48)
Tidlegare var dette den hovudverket om gardar og slekter i Jostedalen, men verket har eit førebels preg og er langt mindre grundig enn bygdeboka frå 1994. På hi sida finn ein i Laberg ein del fargerike soger som ymse folk og gardar som ikkje er komne med i bygdeboka.
Fulltekst og omtale (Jostedal historielag)

Slektsdatabase
Sognefjordlaget har gjennom mange år bygt opp ein omfattande slektshistorisk database med over 40 000 personar. Bygdene i Luster, inkludert Jostedalen, er særs godt representerte i basen. På førespurnad gjer Sognefjordlaget søk i basen og svarar gjerne på slektshistoriske spørsmål. Basen er ikkje tilgjengeleg på Internett. Kontaktperson: Erling Bjørnetun (Luster kommune)

Andre aktuelle bøker og nettsider
Kåre Øvregard: Stølar og stølsliv i Luster (bok, 1999)
Gardar i Jostedalen (lokalhistoriewiki)
Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800 (lokalhistoriewiki)
Ordførarar i Jostedal kommune 1838-1963 (lokalhistoriewiki)
Prestar i Jostedalen ca 1300-1975 (under Kyrkjehistorie)
Presten Matthias Foss

| |

Skriv ein kommentar