Main menu:

Undersider for Jostedalen fram til 1500-talet:

Du er her: Jostedalen fram til 1500-taletKjelder før 1500Brev 1318-19

Brev 1318-19

Dette er den eldste skriftlege kjelda der Jostedalen er nemnd.  

Originaltekst

Originalen (pergament) ligg i Riksarkivet. For ei avskrift, sjå Diplomatarium Norvegicum (DN), bd. 1, nr. 432, side 326-27 (Universitetet i Oslo). 

Omsetjing og merknader

Sjå Regesta Norvegica (RN), bd. 3, nr. 1115, side 341 (Universitetet i Oslo).

Brevet (diplomet) er feildatert i DN til 1374–75. I RN er det datert til tidsrommet mellom 10.8.1318 og 8.5.1319, som var det 20. regjeringsåret (jf. diplomteksten) til Håkon 5., som døydde i 1319. Andre Håkon-ar kan det ikkje vera sidan ein del andre personar i brevet er nemnde i brev med sikker datering frå tidleg i 1320-åra. Det gjeld mellom anna jostedalspresten Atle.

Brevet er skrive på Alme. Det handlar ikkje om Jostedalen, men fire personar med tilknyting til Jostedalen er nemnde. Det er eit vitnebrev frå presten Atle i Jostedalen og Eindride på Ottum som var til stade då Asbjørn i Tælghøy og Hogne på Hamre vitna at dei hadde høyrt at Gudrun, kona til Narve, hadde lagt neper i landskyldsmøret til kongen (altså skattefusk). Ivar Bukkesson og Ossur vitna at ho hadde teke korn frå Josef på Myrland, og i båe tilfella hadde ho gjeve bøter til syslemannen.

Når dei så har gjort seg ferdig med vitnemåla om dette kriminelle kvinnfolket, kjem me til jostedølene. Bothild i Krokgilja vitna at Josef gav dotterdottera Valgerd åtte månadsmatbol (ein jordpart) i Ottum, sylvsaker og anna lausøyre. Asbjørn på Kruna og sonen Hermund vitna at Josef også gav Valgerd jord i Fredrikshusi.

Presten i Jostedalen er òg nemnd med namnet Asle i brevet frå 1322–23. Jostedølene Bothild, Asbjørn og Hermund skal derimot ikkje vera nemnde andre stader, og Kruna og Krokgilja skal vera dei einaste jostedalsgardane som er nemnde i kjelder frå før øydetida. Det er såleis temmeleg tilfeldig kva dei skriftlege kjeldene fortel, for dei arkeologiske funna på 1980-talet viste at det må ha budd mykje folk her i mellomalderen. Bygda hadde heller ikkje hatt eigen prest om det ikkje fanst ein del folk her som kunne fø han.

Det har òg vorte hevda at Jostedalen er nemnd i eit brev frå 1348 (DN 1, nr. 314). Der høyrer me om «Atsla preste j Æystrudalle», om «Anfinni a Almme» og om garden «Brædemni» (Breum). Sume har då rekna med at det var den same Asle prest som i 1318–19 og 1322–23, at det er snakk om Alme i Luster, Breum (prestegarden) i Jostedalen og at Jostedalen er feilskrive «Æystrudalle». Dette synet har ikkje støtte hjå dei som gav ut RN i 1979. Der vert det slege fast at det er snakk om Østerdalen, at brevet er skriven på garden Breum i Elverum, og at det er Alme i Åmot i Østerdalen me høyrer om. (Sjå RN, bd. 5, nr. 1100, jf. nr. 1099.)

Brevet frå 1318-19 og ei omtale er prenta i Jostedal skule- og bygdeavis 2002–2003.

| |

Skriv ein kommentar