Main menu:

Undersider for Topografiske skildringar:

Du er her: Topografiske skildringarVigfússon: Ein islending i Noreg (1854)

Vigfússon: Ein islending i Noreg (1854)

vigfusson.jpg[Frå Guðbrandur Vigfússon, Ein islending i Noreg. Ei reiseskildring frå 1854, omsett av Ingeborg Donali, Oplandske Bokforlag, Hamar 1990, side 47–50.] 

Frå Hafslo drog eg av garde opp i Jostedalen for å sjå på isbreen der. Jostedalsbreen ligg mellom Sogn i sør og Sunnfjord i nord og vest. Det er den aller største breen i Noreg, og han strekkjer seg over heile fjellet og er mange mil i omkrets. Der dalane skjer seg inn, har fonna runne ned og fylt opp dalen, og det kallar nordmennene ein bre.34

Vegen går langs Hafslo-bygda, som i oldtida heitte Fólki. Dette er den øvre bygda, som ligg bak Molden, eit høgt fjell som er beint mot Kroken, og Hafslo er som ein brei dal, – open i båe endar. Alt er som ei eng, dekt med gardar, og det er ei fin bygd.

Når ein kjem ned frå Hafslo, lyt ein først fara inn ein liten våg, så kjem ein til Rønne og deretter inn i Jostedalen. Han er bortimot fire mil lang, svært brei og med høge fjellryggar på båe sider, – sume stader over 5000 fot. Det går store fjellkammar tvert over dalen.

Dei fortel at under svartedauden døydde alt folket i Jostedalen, så nær som ei jente som heitte Rypa, og frå henne stammar dei som bur i dalen no.

Eg overnatta på ein gard med gode hus nede i dalen. Det brann ein eld av vedskier, og eg fekk ei god seng der. Bonden var stateleg. Eg tykte alt folket der i dalen var sterkt og kraftig og nære på med oldtidspreg, og språket deira heilt framifrå.

Ved daggry drog eg frå Leirmo (det heitte denne garden). Det var søndagsmorgon, og da eg rykte inn i dalen, heldt folk på å koma ut frå gardane for å gje seg i veg til kyrkje. Hjå presten i Jostedalen fekk eg ei gasta mottaking med mat og drikk. Han var ein gjestfri kar på alle vis.

På vegen frå kyrkja møtte eg no kyrkjefolket som kom fram i dalen. Ein gong tok eg av frå vegen og følgde ein stig som gjekk ned mot elva, men høyrde straks rop og kalling. Ned frå dalen kom det ei 4–5 jotunkvinner som var svært lystige. Da eg kom attende, møtte eg dei same på veg frå kyrkja, og dei gjekk og storlo. Den fremste var kry over å ha synt meg vegen. Som om eg hadde vore ein kalv, sa ho noko til meg som samtidig kan tene som prøve på språket til desse dølene: «Hadd e’ki kalla pá dí, så hadd dú gátt útí elvi og drepi dí».

Nigarden heiter det der ein fer opp på breen. Folk seier at det har stått ni gardar der i dalen, men alle har gått under, så nær som denne. Fonna har skore seg ned mellom to fjell, men har på nytt drege seg langt attende. Det gjekk som tangar tvert over dalen.35 Frå breen renn Jostedalselva, som er så stor at heile Lustrafjorden ut under Almenningen er kvit som mjølk av brevatnet. Herifrå er det berre eit lite, men farleg og vanskeleg stykke a ta seg fram over breen og nord til Sunnfjord.

Om kvelden drog eg attende ned i Jostedalen og var der om natta. Presten fortalde meg mange soger om samanstøytar dølene hadde hatt med bjørn, som dalen er full av, og desse historiene likna mykje på dei vi les om Grette og Finnboge Sterke.36 Det har hendt at dei har teke fangtak med bjørn på kanten av eit stup, og mannen har vridd seg og spent imot, medan bjørnen har ramla utfor. Straks det spørst at det er kome bjørn til dalen, legg alle arbeidet til sides og gjev seg ikkje før bjørnen er overvunnen.

Frå Jostedalen fór eg tilbake til Kroken, og derifra over til Solvorn og vidare til Hafslo.

(…)

Ettersom eg no sa a seie er iferd med å ta farvel med landsbygda i Noreg, så vil eg skildre henne nærare med fåe ord.

Landsbygda i Noreg er heilt annleis enn på Island, og det kjem av landskapet. Ute i fjorden er det for det meste ubygt, som ved Sognefjorden, der fjella stuper så bratt ned i sjøen. I staden ligg det difor ei tett folkesett bygd i botnen på kvar vik og kvar fjord. I Solvorn lever 500 menneske på ein liten flekk, og slik er det i Sogndal og i Rønne ved botnen av vika under Jostedalen. Difor er det mest ikkje mogleg å dele inn bygda etter gardar, men snarare i «hverfi», som vi kallar det, og eg trur det har vore slik frå eldgamal tid at bygda låg i ein krets rundt hovudbølet og hadde namn etter det. Ho er også mykje meir samla enn hjå oss, og i Sogn t.d. er eit heilt slikt «hverfi» ikkje større enn dei engene som høyrer inn under ein eigedom på Island. Da eg reiste gjennom landet, rykte eg det var slik på Voss òg at bygda var delt inn i småe «hverfi» i staden for i gardar, som hjå oss. Så er det eit stykke imellom, og gardane ligg som i ein klump. Den som rådde over eit heilt «hverfi», heitte i oldtida «hauldr» eller «hersir», og småfolket omkring «boendr».38a Og ofte er heile eigedommen deira berre ein liten jordflekk, som er åker, med bygg eller poteter. Ein kan slett ikkje kalle dette ein landsby, som i Danmark eller sørlege land, og ikkje «sveit», som hjå oss. Austafjells, der det er meir plass, er det meir likt det vi kallar «sveit». Likevel ser ein sjeldnare enkelt-gardar der også. For det meste er det fire eller fem med same namn i ei klynge, slik det er sume stader på Island òg.38b Men når ein kjem lenger fram i dalen, blir ofte bygdene heilt som hjå oss, slik som i Jostedalen og i dalane opp frå Vinje i Telemark, der gardane ligg langt frå kvarandre. Og eg rykte at bøndene var livlegare og myndigare der bygda var ordna slik, enn der det var «hverfi» og tettare busett.

Merknader

[ved Guðbrandur Vigfússon (GV) og Ingeborg Donali.]

34 Jfr. brefonn, og om jotnen Brede (Volsunge-soga kap. 1). Ordet «jøkul» kjenner ikkje nordmennene, men kallar alt slikt «bre» (GV). Etter Volsunge-soga skal Brede ha vore trælen til Skade. Sige Odinsson drap Brede på jakt og gøymde liker i ein skavl. Der fann Skade det og «sa at den skavlen skulle heite Brede-fonn heretter».

35 « . . . gengu varir yfir þveran dalinn.» Det kallar nordmennene
dei sandryggane som blir att når breen dreg seg attende. Det står slik kulde at han at det er berre så vidt det veks poteter i Jostedalen, som trass alt ligg nær Luster (GV).

36 I sogene om Grette og Finnboge Sterke er det fortalt om nappetaka deira med bjørnane.

37 Torgils Skarde (1226–1258), islandsk hovding av Sturlung-ætta.

38a Ein «hauldr» eller «holdr» stod i det gamle norske samfunnet Over ein «bóndi», flt. «boendr» i rang, men under ein «hersir». Hauldane var odelsborne menn med ein avgrensa personleg rett, hauldsrett. Hersane var verdslege hovdingar, og var nest etter jarlane i rang.

38b Slik var det på Håtveit og i Dalen. Det heiter da «øystre, sudre og nørdre gard.» (GV).

| |

Skriv ein kommentar