Main menu:

Undersider for 1814, 1905, val og folkerøystingar:

Du er her: 1814, 1905, val og folkerøystingar1905 i Jostedalen

1905 i Jostedalen

Dei røysteføre (menn over 25 år) skulle i ei folkerøysting 13. august 1905 seia ja eller nei til om dei støtta Stortinget sitt vedtak 7. juni om å oppløyse unionen med Sverige. Avisene var før og etter røystinga fulle av stoff om storhendinga, og lokalavisa for Indre Sogn var den gongen Sogns Tidende (Sogndal). Etter røystinga kom det rapportar frå dei fleste bygder om korleis det hadde gått føre seg.

Ein liten stemningsrapport frå Jostedalen 18. august 1905:

Fraa Jostedal. Av 180, som hadde røysterett, røysta 175 ja og ingen nei. Tri av dei fem, som ikkje røysta, var burte fraa bygdi og hadde ikkje sendt melding um forfall; men dei andre tvo, Anders N. Bjørheimen og Lars N. Hesjevoll, sat heime. Her var likevel eit kraftigt ja etter maaten; men her hev og vore godt arbeidt. Og takk og æra skal alle hava, som hev hjelpt til. Uppglødde for fridomen var folkehopen, som i marstakt og under flagd og sang hasta mot kyrkja. Der vart fedralandssangen ”Gud signe vaart dyre fedraland” – sungen fyre røystingi og etterpaa ”Ja vi elsker”.
L. K.

Bak signaturen «L. K.» finn me truleg Laurits Kronen, lærar og oppglødd målmann. Det var ikkje mange som skreiv landsmål (nynorsk) på den tida.

Les meir

| |

Skriv ein kommentar