Main menu:

Undersider for Jostedal kommune:

Du er her: Jostedal kommuneKommunearkivet

Kommunearkivet

Kommunale arkiv for Jostedalen ligg i Sogn og Fjordane fylkesarkivet på Leikanger, sjå arkivkatalogen (skriv «jostedal» i «Arkivskapars namn», så kjem lista over dei kring 25 ulike kommunale arkivskaparane opp).

Fylkesarkivet har landets beste digitale tenester på gamle kommunale arkiv. I 2006 vart møtebøkene for formannskap og kommunestyre i tidlegare Jostedal kommune frå opprettinga av formannskapet i 1838 og fram til 1939 skanna og lagde ut på nettet. Dette er kopla saman med eit sakregister der ein kan søkje og så gå inn på den saka ein vil. Gå til Databasetenester hjå Fylkearkivet og vel så anten Digitaliserte bøker eller sakregister eller personregister til møtebøker for formannskap. Du kan òg gå rett til Digitaliserte bøker (vel Luster kommune) eller sakregister (vel Jostedal kommune).

| |

Skriv ein kommentar