Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)Kjelder av og om FossFuten om Foss (ca 1757)

Futen om Foss (ca 1757)

Det vart i 1750-åra laga ei handbok for futen i Sogn som mellom anna ramsa opp embetsfolka i futedømet. Der kan me lese følgjande lakoniske omtale av Matthias Foss:

Avskrift
Preste-Skabet i Sogn og hvad Fogden med dem har at bestille
[…]
8. Hr. Mat. Fos til Justedahls kald.
Hands Residence kaldes Breum. Har 1 kirke hvor under sorterer ungefær 30 bondegaarders opsiddere. Hand har ickun et lidet kald, men derimod den lycke at hand fremfor andre Prester i Sogn forskaanes at væde sin kiortel paa Kirkereiserne. Og lige som denne Mand bare langt af veies fra andre folck, saa har naturen lige som glemt ham, og hand andre igien, og derfor haves saadan Raisons som her efter skal forklares. Hvad hand hellers foruden indkommer blant Rype-Slægten, har at leve af og hvad hand nyder af Kirkerne i Sogn, kommer icke her ved.

Kjelde

Universitetsbiblioteket i Bergen, Manuskriptsamlinga, Ms 581 Haandbog med Forklaring over alle Fogde-Embedets Forretninger i Sogn ca. 1750. Indeholdende fuldstændige oplysninger om skatternes beregning med omgjørelse av skylden i de forskjellige enheder, samt en instruktion for fogden om alle hans forskjellige gjøremaal. Oplysninger om præster, sorenskrivere, militære og lensmænd i Sogn. 8°. 55 beskr. blade. B. [Sjå katalogen]

Merknad

Foss er den presten i Sogn som har fått den lengste omtala. Her har forfattaren av futehandboka sett sitt snitt til å ha det festleg på Foss sin kostnad, særleg med formuleringane om at han ikkje treng vere redd for å bli blaut på kyrkjereisene fordi han berre har ei kyrkje i prestekallet. Omtala tyder på at Foss på dette tidspunktet må ha vorte sett på som ein særing i embetsstanden i Sogn. Mest interessant er kanskje opplysningane om at han kan ha fått inntekter frå «rypeslekta». Det kan ha vore Heiberg-ane som har ytt noko til han, men det veit ein ikkje meir om.

Denne futehandboka er eit særs interessant dokument på kring 110 sider som gjev ei utførleg skildring av Sogn futedøme. Arkivkatalogen seier at boka er skrive kring 1750. I listar over prestane i Sogn, er ein prest utnemnt 1757 komen med, så boka er truleg skriven etter dette tidspunktet, kanskje det året. For biskopen som vert nemnt, er framleis Erik Pontoppidan, som fekk avløysing 1758. På oppmoding digitalierte Universitetsbiblioteket i Bergen det handskrivne dokumentet våren 2010.

Fut i Sogn på dette tidspunktet var den mektige Ananias Christopher Harberg (1700-1760), som var fut 1734-1760. Det er ikkje urimeleg om han har sytt for å få laga boka, kanskje som ei hjelp for dei andre tilsette i futedømet og etterfølgjaren.

| |

Skriv ein kommentar