Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekstDen vesle istidaSkattefritak for ni bønder (1743)

Skattefritak for ni bønder (1743)

Sommaren 1742 slo avlingane endå ein gong feil etter fleire år med misvekst. Særleg hardt råka var dei fremste gardane i Jostedalen der framrykkinga til breane òg hadde valda mykje skade. Hausten 1742 bad difor ni gardbrukarar i Krundalen, Mjølverdalen og Fåberg om fritak for å betale skatt. Saka gjekk til Rentekammeret i København der ho vart avgjort av kongen i september 1743. Mange av dokumenta i saka har til no vore heilt ukjende og er korkje publiserte før eller nytta av historikarar.

pdfOriginaldokument – saksmappa i Rentekammeret (7 Mb)

pdfAvskrift av dokumenta (10.9.2010)

Kjelder

Riksarkivet, Rentekammeret, 2. Nordafj. ktr/Bergen distr.
– Journalsaker pk 191 jnr 1644/1743.
– Kopibok 123 (K) s. 355-356, 7/9 1743.

Oversyn over dokumenta

# Brev frå stiftsamtmann Jonas Lym til Rentekammeret, 26.2.1743
# Oversyn over skatte- og landskyld-restansar, utdat. [avskrift vantar]
# Supplikk frå ni bønder i Jostedalen, 28.12.1742
# Tingsvitne frå tinget for Jostedal skipreide, 7.11.1742
# Brev frå futen Ananias Harberg til Jonas Lym, 19.2.1743
# Rentekammerets påteikning i saka, utdat.
# Brev frå Rentekammeret til stiftsamtmann Møinichen, 7.9.1743

Merknad

Denne saka kom opp i kjølvatnet av avtaksforretningane 20.-23. august 1742. Futen over Indre og Ytre Sogn, Ananias Harberg, og sorenskrivaren i Indre Sogn, Georg B. Jersin, var då i Jostedalen og såg med sjølvsyn kor dårleg det stod til. Avtaksforretningane førte til at skattane vart nedsette for fem gardar, Mjølver, Bergset, Elvekrok, Ormberg og Åsen. Men dei løyste ikkje problema som alle gardane i Jostedalen og særleg dei fremste gardane hadde med å få avlingar slik at dei kunne betale skatt.

Denne saka om skattefritak galdt fleire enn avtaksforretningane. Følgjande gardbrukarar bad om heilt å få sleppe å betale skatt  inntil avlingane betra seg.:
# Grov Ole Knutson Grov
# Snøtun Tøger Otteson Snøtun
# Kruna Rasmus Jensson Kruna
# Hellegård – Paul Andersson Hellegård
# Haugen – Knut Erikson Haugen
# Mjølver – Ole Otteson Mjølver
# Li – Anders Olson Li
# Nedre Fåberg – Peder Andersson Fåberg
# Øvre Fåberg – Lars Otteson Fåberg

Saka vart fyrst teken opp som eit tingsvitne på hausttinget i Dale i Luster 7.-9. november 1742 av lensmann Tøger Snøtun på vegne av dei ni gardbrukarane. Deretter samla dei ni seg hjå sorenskrivar Jersin på Tadla den 28. desember for å skrive eit klagebrev til kongen. Dette vart så sendt til futen Harberg i Bjordal, som sende saka vidare til stiftsamtmann Jonas Lym i Bergen. Lym ekspederte så saka til Rentekammeret i København 26. februar 1743. Svaret kom frå Rentekammeret 7. september 1743 med melding om at kongen hadde innvilga utsetjing på skattebetalinga og fritak for eksekusjon og utpanting, men ikkje eit generelt skattefritak. Jostedalsbøndene fekk såleis medhald eit stykke på veg.

Litteratur

Hoel, Oddmund L. (2013). Offentlege krisetiltak i Jostedalen 1742-43. Heimen (nr. 1), 65-83. [omtale]

| |

Kommentarar

Kommentar frå Dianne Briggs
Tid: 11. august 2011, 15:17

Thank you for all of the information of Jostedal. Will this information ever be translated into English? I have used my vacation translating as much as I can. My norwegian is very very poor.
My great great grandfather is Anders Johannesson Grov.

Kommentar frå Oddmund
Tid: 13. august 2011, 08:44

It’s nice to hear that you find the information useful! We have no immidiate plans for translations to English. But may be there are someone out there who could help us translating some of this?

Skriv ein kommentar