Main menu:

Undersider for Bøker og blad:

Du er her: Bøker og bladNettleksikon om Sogn og FjordaneJostedalen i lokalhistoriewiki

Jostedalen i lokalhistoriewiki

Lokalhistoriewiki - logoFrå hausten 2010 er det lagt ut leksikonartiklar om Jostedalen på lokalhistoriewiki. Frå nettstaden til Jostedal historielag vil det difor i mange tilfelle vere peikarar til utfyllande omtaler på lokalhistoriewiki.

Nokre andre inngangar til stoffet:

Lokalhistoriewiki er eit nasjonalt leksikon for norsk lokalhistorie. Her vert personar, stader, institusjonar, historiske hendingar og anna med lokalhistorisk interesse omtalte. Nettstaden gjev ei unik moglegheit for kopling av lokalhistoriske opplysningar mellom ulike stader.

I «botnen» av leksikonet ligg ei digital utgåve av standardverket «Norsk historisk leksikon. Kultur og samfunn ca. 1500-ca. 1800». Dette er til uvurderleg hjelp for alle som driv med norsk lokalhistorie i tidlegmoderne tid.

Nettstaden vert driven, administrert og kvalitetssikra av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI). Lokalhistoriwiki byggjer på wikiprinsippet, altså dugnad der både fagfolk og amatørar med interesse for lokalhistorie kan skriva. For å skriva artiklar, krevst det at ein registrerer seg (enkelt!), og så er det berre å ta tastaturet fatt.

Oddmund L. Hoel er ein av administratorane på nettstaden, så det er berre å spørja!

nybegynner_forsideNLI har laga ei fin og grei brosjyre for nybyrjarar.

| |

Skriv ein kommentar