Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekstSkredulukkerSnøskred på Espe 1768

Snøskred på Espe 1768

Skreda som tok Espe i 1768, tok to liv og øydela dei fleste gardshusa. Dette er såleis ei av dei mest alvorlege skredulukkene i soga til Jostedalen. Hendinga er velkjend frå litteraturen. Primærkjelda er tingboka:

Avskrift

For Retten fremstillede sig Lars Jetmundsen Espe af Justedals Skibrede og klageligst forestillede, hvorledes han i afvigte Vinter ved Kyndelsmisse-Tider var bleven fristet og hiemsøgt af en stor og pludselig fra fieldet løsnede Snee-skreede, hvoraf 14 Hiemme- og Ud-Huuse bleve nedbrudte og sønderknuste 13 stor fæe Kreaturer og alle hans smaae Fæe af Faar, Giæder og Sviin dræbte alt hans Boehave indtil Jern Gryder i Stykker brudt og ganske aldeles spoleret og det, som var det bedrøveligste, at hans Hustrue med et deres Drenge Barn ynkelig omkom, og maatte sætte livet til under Sneen, om deres sørgelige Tildragelighed, som paa hans Gaard Espe, Matriculer No 14, af Landskyld 2 pund og(?) 1 Bukke-Skind er h…et, fremstillede han som Vidner Niels Larsen Myklemyr og Lars Rasmusen Gierde, hvilke Comparenten begiærede, at maatte under Eed afhøres, om det ikke forholde sig saaledes, som nu frembragtes. De benævnte Vidner fremstode, og under Lovens Eed forklarede eenstemmig, at det i alt forholdte sig saaledes, som oven anførtes – Lars Jetmundsen Espe begiærede sig det passerede i et lovligt Tings vidnes beskreven, Som blev bevilget. 

Kjelde

Indre Sogn sorenskriveri, Tingbok I A 41 , 1767-1769, fol. 176a-176b [digital utgåve]

Merknad

Jon Laberg si avskrift av tingboka er nytta i alle seinare omtaler av hendinga, men er noko upresis og ufullstendig:

”Lars Jetmundson Espe beklaget at han i vinter var blevet fristet og hjemsøkt av en stor og pludselig fra fjeldet løsnede sneskred, hvorved 14 hjemme- og udhuse nedbrudt og sønderknust, og alle hans småfæ av får, gjeder og svin drebt, alt hans bohave indtil jerngryder i stykker blev og ganske spoleret, og det som var det bedrøveligste: at hans hustru med et deres drengebarn ynkelig omkom og måtte sette livet til under sneen.” (Laberg 1944, s. 19)

Det viktigaste er kome med: Skreda tok livet av kona (Kari Johannesdotter Espe) og den yngste sonen, som skal ha vore eit knapt år. Men i tillegg til at 14 bygningar vart øydelagde og alt småfe drepe, ser me av originalen at også 13 storfe vart drepne. Laberg har heller ikkje teke med opplysninga om tidspunktet. I tidlegare omtaler er det gjerne sagt «februar», men tingboka opplyser meir presist at ulukka var «ved kyndelsmessetider», altså i dagane kring 2. februar.

Vidare får me greie på nokre formalitetar om saka på tingseta, som var det ordinære sommartinget for skipreidene Jostedal og Luster i Dale. Denne saka kom opp 8. juni, og her får me vita namnet på dei to vitna og at dette vart teke opp som tingsvitne, altså eit offisielt vitnemål på tinget, innført i tingboka. Dette skulle venteleg nyttast til å be om fritak for skatt og landskyld, utan at det går fram av tingboka. Opplysningar om dette må nok eventuelt sporast opp i arkiva etter futen eller Rentekammeret (København).

Den grundigaste omtala av hendinga har Alfred Espe (2000), som har med vurderingar av kvar fonna har kome frå. Han nemner ein tradisjon som har levd heilt fram til hans tid om at fonna måtte gå to gonger for å fylla opp terrenget ovanfor Ilagshamrane før det var mogleg for fonna å gå over denne hindringa og ned mot gardstunet. Det er ikkje kjent at fonna nokon annan gong har nådd heilt ned til gardstunet på Espe. Ofte var det nyare husmannsplassar som vart tekne, men det spesielle i dette tilfellet var at det var eit gamalt gardstun.

Espe nemner òg ein tradisjon om at husbonden Lars sjølv skulle ha vore bortreist på dagen. Det er usikkert og treng ikkje ha vore grunnen til at han ikkje vart teken. Ingen andre folk på garden vart heller tekne, så skreda kan berre ha teke delar av gardstunet, og truleg ikkje stovehuset.

Den avlidne kona Kari hadde born frå eit tidlegare ekteskap, og difor måtte det haldast skifte. Det var 29. juli 1768, og her får me vita noko om ungeflokken. Korkje Gunnhild (26 år), Johannes (25), Torborg (21) eller Anders (18) frå det fyrste ekteskapet var heimehøyrande på Espe. Det var derimot dei heimeverande borna Kari (23), Gjertrud (20) og Ole (11) frå det fyrste ekteskapet til Kari, og Siri (9) og Lars (4) som Kari hadde frå det andre ekteskapet med Lars. Den yngste sonen, som Øyane meiner kan ha heitt Jetmund, omkom altså i ulukka.

Livet på Espe kom raskt i vanleg gjenge, slik det måtte. Enkjemannen Lars gifte seg att (kring 1769) med Elsebeth Eriksdotter (22 år) frå Kruna. Frå 1770 til 1791 fekk dei ti born i lag, av dei voks åtte opp. Det fyrste bornet dei fekk (1770) vart kalla Kari og var nok oppattkalla etter den førre kona som omkom i snøskreda.

Alt i 1770 vart Lars den fyrste sjølveigaren på Espe då han kjøpte garden for heile 650 riksdalar av kaptein Gerhard Munthe. Han måtte likevel gje frå seg garden på odel til Jens Munthe og heldt fram som leiglending på garden. I 1778 fekk så Lars endeleg kjøpt Espe frå Jens for same kjøpesum (Espe 2000, s. 93).

Litteratur

Espe, Alfred. (2000). Espe grendi. Luster – lokalhistorisk årbok (nr. 4), 37-106.

Joranger, Terje Mikael Hasle. (2002). Snø og steinskrede i Luster. Årbok for Sogn, 14-20.

Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. [digital utgåve]

Omtale av hendinga på skrednett.no

| |

Skriv ein kommentar