Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekstSkredulukkerSnøskred på Bergset før 1742

Snøskred på Bergset før 1742

I august 1742 var det rettsleg synfaring på Bergset etter at breane hadde gått fram og øydelagt store utmarks- og beiteområde for garden. Under denne synfaringa kom det fram at Bergset òg hadde fått hard medfart av snøskred. Det heiter i tingboka:

«Herforuden Sneeskreeden i tvende gange udj 18 eller 20 Aars tid at reigne, hafde borttaget all gaardens huuse, som paa nye tuffter vare henflytted.» (fullstendig avskrift)

Det må vera snakk om to skredulukker på 18-20 år, men det er uvisst kor lenge før 1742 dei to ulukkene var. Omfanget av ulukkene er òg noko uklart. Me får vita at alle gardshusa vart tekne, men ikkje om det gjekk liv tapt. Andre skriftlege kjelder om ulukkene er ikkje kjende.

Gamletunet som vart råka, låg ca 200 meter aust for dagens tun attmed Fjøsåkeren. Ein gong før 1742 vart gardshusa altså bygt oppatt, truleg der tunet no ligg ved endepunktet for fylkesvegen gjennom Krundalen.

Det er ein del upresise opplysningar i litteraturen om desse skredene. Laberg (1944, s. 72) nøyer seg med å referera tingboka noggrant. Mindre presise er Faaberg (1989, s. 65) som skriv at gardstunet hadde gått ut to gonger på 200 år og Øyane (1994, s. 890) som skriv at det var ei stor snø- og isskrede som tok tunet, og tidfester det til 1740-åra.

Litteratur

Faaberg, Anne Berit. (1989). Naturkrefter. I Stein Næss, m.fl. (red.), Jostedalsbreen og bygda den fikk navn etter (s. 64-70). Oslo: Grøndahl.
Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune.  (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.

| |

Skriv ein kommentar