Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekstSkredulukkerKyrkjetårnet teke av snøskred ca 1680

Kyrkjetårnet teke av snøskred ca 1680

Kring 1680 vart tårnet på Jostedal kyrkje øydelagd av eit snøskred. Dette kan me lese i kyrkjerekneskapen.

kyrkjerekneskap-1682

Avskrift

Ellers har kierche=ombudsmanden Hans Raffun aff egen betenchende opsatt itt nytt taarn i steden for det forige, som aff sneeschreed bleff forderffuit, huilchet som det till en anseelig summa opløber och dens betahling wed same kierche iche kand till weye bringes, thi kunde wy denne gang intet derfor godgiøre wden høye øffrigheds consens. Actum Wiigs Prestegaard Groff den=22 Junij Ao: 1682

Kjelde

Rekneskap for Jostedal kyrkje 1675-1722, fol. 9a. (Avskrift ved Anne Marta Hoff.)

Merknad

Dette står som ein merknad på slutten av kyrkjerekneskapen for åra 1678-81. Rekneskapen for desse åra vart lagde fram for prosten i Vik 22.6.1682. Tidlegare er skredulukka tidfest til vinteren 1682 (jf. Øvregard m.fl. 2010, s. 54), men ho kan òg ha vore eitt av åra 1678-81.

Det må ha vore fonnvinden frå Storeskreda ved Prestegarden som bles tårnet av kyrkja. Kor store øydeleggingane var, veit ein ikkje, men det er ingen opplysningar om andre skadar på kyrkja. Så heile tårnet kan neppe ha velta.

Litteratur

Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.

| |

Skriv ein kommentar