Main menu:

Undersider for 1814, 1905, val og folkerøystingar:

Du er her: 1814, 1905, val og folkerøystingarStortingsval

Stortingsval

I menyen til høgre er det førebels lagt ut stoff om stortingsvala i Jostedalen på 1800-talet.

Grunnlova 17. mai 1814 avskaffa det totalitære eineveldige styresettet i den dansk-norske heilstaten. Den sjølvstendige norske nasjonalstaten fekk det mest vidtgåande folkestyret i samtida. 

Grunnlova slo fast at det skulle vere stortingsval kvart tredje år. Fram til 1903 skjedde det ved indirekte val. I kvart prestegjeld skulle valforsamlinga sende ein eller fleire valmenn til ei distriktsforsamling som valde stortingsrepresentantane. Nordre Bergenhus amt var ein valkrins, og Jostedalen kunne sende ein valmann til desse forsamlingane.

Det fyrste stortingsvalet var i september 1814 og valde representantar til det overordentlege (omframme) Stortinget om hausten som skulle godkjenne unionen med Sverige.

Det fyrste ordinære stortingsvalet var berre nokre månader etter, kring årsskiftet 1814/15, og valde representantar til det fyrste ordentlege (ordinære) Stortinget.  Deretter var det Stortingsval 1817, 1820, 1823, 1826 osb. som valde representantar til Stortinget som kom saman 1. februar året etter valet. Valforsamlingane i prestegjelda var gjerne mellom juli og september i valåra.

| |

Skriv ein kommentar