Main menu:

Undersider for 1814, 1905, val og folkerøystingar:

Du er her: 1814, 1905, val og folkerøystingarStortingsvalValdeltaking 1829-1903

Valdeltaking 1829-1903

stortingsval_1829-1903Kjelde: NSD Kommunedatabasen

Frå 1829 finst det lett tilgjengeleg statistikk over talet på kor mange som hadde røysterett og kor mange som røysta i stortingsvala. Frå 1859 finst det òg tal på røysterettskvalifiserte. Figuren viser utviklinga fram til 1903.

Som ein kan sjå, gjorde både talet på røysteføre og avgjevne røyster eit tydeleg hopp frå 1835 til 1838. Dette fortel nok framfor alt kor viktig innføringa av det lokale folkestyret i 1837/38 var for den politiske interessa.

Talet på røysteføre låg mellom 32 og 25 frå 1838- til 1879-valet. I same perioden var det i snitt 18 avgjevne røyster. Så gjer både talet på røysteføre og røyster eit hopp til det dramatiske 1882-valet då lagnaden til embetsmannsregimet skulle avgjerast – det enda som kjent med at regimet fall og Johan Sverdrup si Venstre-regjering overtok i 1884.

Frå 1885 vart røysterettsreglane noko utvida slik at fleire vart kvalifiserte. I 1898 vart allmenn røysterett for menn innført. I dei to neste vala førte det i Jostedalen til ei tredobling av talet på røysteføre og om lag ei dobling av talet på røyster i høve til vala i 1890-åra.

| |

Skriv ein kommentar