Main menu:

Undersider for Samferdsel og reiseliv:

Du er her: Samferdsel og reiseliv

Samferdsel og reiseliv

Skysstasjonen i Sperløyøane, ca 1894. (Fylkesarkivet, SFFf-1995083.0001)

Her finn du informasjon og artiklar om samferdsel og reiseliv i Jostedalen (sjå menyen til høgre).

Naturen har bydd på store utfordringar for ferdsla i Jostedalen, både mellom grendene og til og frå dalen. I gamle reiseskildringar har dei farande gjerne gjort eit poeng av dei farefulle vegane inn i bygda. Ein må fram til slutten av 1800-talet før Jostedalen fekk veg som var køyrande med hest og kjerre frå fjorden.

I 200 år har fjella og særleg Jostedalsbreen verka som ein magnet på reisande med ulike føremål – vitskapsfolk, kunstnarar og vanlege turistar.

Fleire reiseskildringar frå 17- og 1800-talet er publiserte under Topografiske skildringar.

På denne sida kan me òg presentere fleire artiklar og hovudoppgåva til André Horgen, høgskulelektor i friluftsliv ved Høgskulen i Telemark.

| |

Kommentarar

Kommentar frå Torleif Sognnes
Tid: 12. november 2012, 20:59

Treng stoff om vinter trafikken mellom Jostedalen og Sjåk i farne
tider – serleg skiturar til og frå Sota. Har De høve å overføre noko
til min mail adr., eller har De noko hefte som kan vere aktuelt?

mvh….Torleif Sognnes, 12.11.2012.

Kommentar frå Oddmund
Tid: 14. november 2012, 14:04

Hei!
Eg kjenner ikkje til særleg mykje stoff om dette. Det står kanskje noko i Det Norske Turistforenings årbok for 1936. Der er iallfall ein artikkel om bygginga av Styggevasshytta (av Ove Wangensteen Haug).

beste helsing
Oddmund

Skriv ein kommentar