Main menu:

Undersider for Jostedal kommune:

Du er her: Jostedal kommuneSkulehistorie

Skulehistorie

Den offentlege allmugeskulen vart skipa i Jostedalen som i andre norske bygder i 1741. Etter få år vart Jostedalen delt i to skulekrinsar. På midten av 1800-talet vart dei to delte opp i fem krinsar, og omgangsskulen vart avløyst av fastskule etter kvart som nye skulebygningar stod ferdige i alle krinsar 1876-1898. Dei fem krinsane og skulane var Myklemyr, Sperla, Kreken, Krundalen og Mjølverdalen.

Skulehusa på Myklemyr og i Sperla står framleis på den opphavlege staden. Skulestova i Krundalen er flytt til Prestegarden av historielaget og står i dag som eit lite skulemuseum. Dei fem krinsane vart slegne saman i 1962-63, og den nye Jostedal skule på Bjørk stod ferdig i 1968.

Skulehistoria for Jostedalen vart grundig dekt med den store boka til Kåre Øvregard frå 1996, Skulen i Luster gjennom 250 år.

Les meir

| |

Skriv ein kommentar