Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarManntal og folketeljingarManntala 1664-66 og 1701

Manntala 1664-66 og 1701

Manntalet 1664 - fyrste sidaKongens kyrkjeinspektør i Noreg, Titus Bülche, fekk i 1663 kongen si fullmakt til å lage eit fullstendig manntal over menn i Noreg over 12 år (seinare også dei under 12 år). Sokneprestane og futane fekk ordre om å sende inn kvar sine manntal for prestegjelda/futedøma sine, og dette skal vere verdast eldste manntal av sitt slag. I 2011 vart alle manntala skanna og publiserte på nettet av Arkivverket. Delar av materialet er òg skrive av og tilgjengeleg i Digitalarkivet. Manntala er svært viktige for slektsgranskarar.

Alle manntala skanna (Arkivverket)
Titus Bülches manntall 1663-1666 – omtale (Lokalhistoriewiki)
Registratur over manntala (1934) – grundig innføring (Digitalarkivet)

1. Prestemanntalet 1664 for Jostedalen
I Jostedalen sette presten Tøger Jensson opp eit manntal som er dater 16. mars 1664. Dette manntalet inneheld 75 personar. Tøger gjekk her til det uvanlege steget å hengje på eit klagebrev over dei dårlege vilkåra for presten i Jostedalen.

Prestemanntalet 1664 for Jostedalen (skanna original) (pdf)
Prestemanntalet 1664 for Jostedalen (avskrift) (pdf)

2. Futemanntalet 1666 for Jostedalen
Jostedalen er òg med i manntalet for Indre Sogn futedøme som futen sende inn. Dette inneheld 69 personar. Det er udatert, men Jo Rune Ugulen har tidfest det til 1666 i avskrifta si.

Futemanntalet 1666 for Jostedalen (skanna original) (pdf)
Futemanntalet 1666 for Jostedalen (fullstendig avskrift) (pdf)
Avskift av futemanntalet 1666 for Indre Sogn (database) (ved Jo Rune Ugulen, Digitalarkivet)

Manntalet 1701
Her vart menn og gutar over eitt år talde, men listene for store delar av landet er tapte. Ein har lister frå Hafslo og Luster, men ikkje Jostedalen.

Manntallet 1701 skanna (Arkivverket)
Registratur over manntalet (1934) – grundig innføring (Digitalarkivet)

Folketeljingar og manntal – Jostedalen: 1664-66 |1701 | 1760 | 1769 | 1801 | 1815 | 1825, 1835, 1845 og 1855 | 1865 | 1875 | 1891 | 1900 | 1910 | 1920 og seinare

| |

Skriv ein kommentar