Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarManntal og folketeljingarSjeleregister 1760

Sjeleregister 1760

sjeleregister-framsidePresten Matthias Foss laga i 1759-60 eit «sjeleregister» for Jostedal prestegjeld. I manntalet førde han opp namna på alle heimehøyrande på kvar gard, alderen, vurderingar av lesedugleiken og kva bøker han fann i heimane. Dette er såleis ei svært viktig kjelde til kunnskapen om folkelivet i Jostedalen på 1700-talet. Foss overleverte manntalet til biskop Ole Tidemand under visitasen i Dale 11. juni 1760.

Etter manntalet budde det 240 menneske i Jostedalen utanom prestefamilien. Etter bygdeboka må det ha vore åtte personar i prestefamilien på dette tidspunktet, så det totale folketalet i prestegjeldet blir då 248 menneske. Statsarkivet i Bergen publiserte ei avskrift i Digitalarkivet 20.12.2016.

Sjeleregisteret 1760 (søkbar database) (Digitalarkivet)

Sjeleregisteret 1760 (skanna) (Digitalarkivet)

Artikkel: Sjeleregister (av Kenneth Bratland, Statsarkivet i Bergen)

Folketeljingar og manntal – Jostedalen: 1664-66 |1701 | 1760 | 1769 | 1801 | 1815 | 1825, 1835, 1845 og 1855 | 1865 | 1875 | 1891 | 1900 | 1910 | 1920 og seinare

| |

Skriv ein kommentar