Main menu:

Undersider for Om laget:

Du er her: Om lagetMelding om skipinga

Melding om skipinga

Jostedal Historielag vart skipa i Oslo av 7 jostedøler på eit møte i heimen til byråsjef Nils Faaberg den 24. februar 1949. I føremålsparagrafen står at laget skal ”ta vare på historiske og kul­turelle minne frå Jostedalen. Den fyrste oppgåva laget har, er å få gje ut ei meir utførleg bygdebok for Jostedal”. Det er føreset­naden at laget etterkvart skal utvidast med medlemer i Jostedalen og mellom utflytte jostedøler her i landet og eventuelt i Amerika. Styret har sendt eit oppmodingsskriv til utflytte jostedøler om å melda seg inn i laget og stø bygdebokarbeidet med pengegåver. Styret er: form. stud. philol. Lars Stølen, Sognsvegen 212, Sogns­vatn st., varaform. byråsjef Nils Faaberg, skrivar stud. jur. Odd Øvregard, kasserar kriminalbetjent Lars Grov.

[Heimen, VIII, 1949–51, side 127.]

| |

Skriv ein kommentar