Figuren over viser folketalsutviklinga i Jostedalen frå den fyrste fullstendige teljinga i 1760 til Jostedalen opphøyrde som eigen kommune i 1963. Det høgste folketalet i dei statlege folketeljingane er 977 personar i 1946. Den uoffisielle rasjonaliseringsteljinga i alle kommunar 7.10.1939 viste likevel at nøyaktig 1000 personar då budde i Jostedalen.
Denne figuren viser den relative folketalsutviklinga i Jostedalen jamført med Luster/Hafslo, Sogn og heile fylket.
(Kjelde: Sjeleregisteret 1760 og folketeljingsdata frå Kommunedatabasen, NSD)
Publisert av Oddmund, 08.08.2011 (sist endra 17.11.2014)
Skriv ein kommentar