Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarSkattelister og matriklarKongetienda 1620, 1626 og 1627

Kongetienda 1620, 1626 og 1627

I perioden 1620-1627 er manntala over kongetienda bevarte for åra 1620, 1626 og 1627. Men i staden for den vanlege lista over kva kvar bonde betalte i tiende, står det for Jostedalen sin del berre merknader om at presten skulle ha kongetienda.

Avskrifter

Kongetienda 1620Kongetienda 1620-21

Huad Jøstedallenns Kornthiende belannger, haffuer Slodtzherrenn vndt och beuilget, Prestenn der sammestedtz Her Miekell.

Kongetienda 1626

Kongetienda 1626-27

Jøstedalen Sougen
Huad Thienden aff Jøstedalen sig Belanger, da Haffuer Dennd Gunstige Øffrighed Vndt og Beuilgid Sougnepresten Her Michell N:  der sammestedz at Hannd dend for Neruerende aar, maa Oppebere, Effterdj der ellers ehr ad[?] ligger enn saare Ringe Rennte och Indkombst till Presteboelid der sammestedz.

kongetienda 1627Kongetienda 1627-28

Jøstedallen
Denne dall, ehr Leggendis Trej[?] mijlle till fiellds, och kand der Vngefehr verre[?] Boende i samme dall 23 Bønder, Huillche och mesteparten Ere forarmede. Dirris thiende, haffuer dend gunstige Øffrighed, hid Indtill vndt och Beuillget Sougnerpresten Her Michell, der samesteds dend at maatte, Oppeberge, epterdi, der ehr och Ligger enn[?] store[?] och megen Ringe Rente och Indkombst, Till prestebøelid, Huor aff Sougnepresten sig kunde Haffue **[?] Thenehre her

Kjelder

Riksarkivet, Rentekammeret, Bergenhus len

Merknad

Tiendemanntala er rekneksap over den tredelen av tienda som skulle gå til kongen. Rekneskapsåret gjekk frå 1. mai. Ein tredel skulle gå til kyrkja og ein tredel til presten. Men for Jostedalen heiter det at «slottsherren» (1620) og «øvrigheita» (1626 og 1627), altså lensherren på Bergenhus, hadde avgjort at også kongetienda skulle gå til presten. Grunnen var den «megen Ringe Rente og Indkombst» i prestekallet. Den lensherren som hadde gjeve jostedalspresten dette privilegiet, var Knut Gyldenstjerne Henrikssøn som hadde teke over som lensherre med verknad frå 1. mai 1619. Han var lensherre til 1627.

Me får òg vite namnet på presten som skulle ha kongetienda – «Herr Mikkel», altså Mikkel Nilsson.

I desse tre manntala står Jostedalen oppført separat, i motsetnad til åra 1615-18 då prestekallet var nemnt som eit anneks under Hafslo. Dale prestegjeld (Luster) er ikkje med i tiendmanntala fordi det var eige len med eige rekneskap.

Det neste bevarte tiendemanntalet for Sogn er frå 1631-32, og her er ikkje Jostedalen nemnd. Av tiendemanntalet 1632-33 går det derimot fram at jostedølene svara kongetiende til liks med andre bygder.

Sjå òg:

| |

Skriv ein kommentar