Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarSkattelister og matriklarKongetienda 1615-1618

Kongetienda 1615-1618

I tiendmanntala for Sogn er Jostedalen fyrste gong nemnd i 1615-16. I manntala for 1616-17, 1617-18 og 1618-19 liknar formuleringane mykje. I alle desse manntala er Jostedalen oppført under Hafslo prestegjeld.

Avskrift

kongetienda 1615 utsnittKongetienda 1615-16

Jtem aff Jøstedalenn, et lidet Annex Liggenndis thill fieldz, Jordene der sammestedzs, for nogen faa Aar sidenn opthagenn aff Øde, grenntzer imodt Norfiord lehn. Thiendenn der sammestedtz fald[?] och vdgiffuis, kanndt beløbe sig, Aarligenn Vnngefer thill
— 2 thønd hafre Korn

kontetienda 1616Kongetienda 1616-17

Jtem af et lidit Annex thill fieldzt, kaldit Jøsterdallen, och offtest bliffe uaar paa deris Korn. haffuer tilsammenns vdgivit i dette Aar,
Korn — 2 1/2 thønder

kontetienda 1617Kongetienda 1617-18

Jtem aff itt lidet Annex thill fieldtzs Kaldit Justedallen och bliffuer offtest WAar, paa deris Koren, Haffuer thilsammens vdgivet dette Aar,
Korenn — 2 1/2 thønder 3 Meller

kongetienda 1618Kongetienda 1618-19

Jttem aff et Liidet Annex ehr til fieldtz Kaldit Justedallenn. och bliffuer offtest waar paa deris Koren. Haffuer thilsammenns vdgiffuit ij dette Aar
Koren —– 4 Thønder 6 meller.

Kjelder

Riksarkivet, Rentekammeret, Bergenhus len

Merknad

Tiendemanntala i lensrekneskapane var rekneskap over den årlege betalinga av kongetienda. Rekneskapsåret gjekk frå 1. mai eitt år til 1. mai neste år. Jostedalen er i desse manntala nemnd som eit lite anneks til Hafslo prestegjeld. Det er elles lite me får greie på. Det er ikkje lister over kva kvar gardbrukar betalte i tiende slik det er for dei andre prestegjelda og resten av Hafslo.

Her får me òg vite at Jostedalen «for nogen faa Aar sidenn [var] opthagenn aff Øde». Denne opplysninga har ikkje vore kjent før. Formuleringa «nogen faa Aar sidenn» kan kanskje tyde på at nyryddinga i Josetdalen skjedde opp mot 1600 og ikkje ned mot midten av 1500-talet, men dette er svært usikkert. Formuleringa må nok i denne samanhengen fyrst og fremst lesast som ei forklaring på kvifor oppebørselen av tienda ikkje var heilt på stell.

Jostedalen er ikkje nemnd i tiendmanntala for Sogn som er bevarte frå 1607, 1611, 1612 og 1614. Det kan kanskje tyde på at Jostedalen før 1615 låg under Dale prestegjeld (Luster), som var eige len og såleis ikkje er med i nokon av tiendmanntala for Sogn korkje før eller etter 1615-18. Tiendmanntalet for 1619 er tapt, og frå 1620 til 1627 er opplysningane om Jostedalen annleis. Då er ikkje dalen lenger oppført under Hafslo, og då står det at presten skal ha kongetienda (sjå tienda 1620-1627).

Sjå òg «tiende» i Norsk historisk leksikon (lokalhistoriewiki)

| |

Skriv ein kommentar