Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarSkattelister og matriklarFuterekneskapane 1597-1810 – oversyn

Futerekneskapane 1597-1810 – oversyn

Skattelistene i futerekneskapane er hovudkjeldene til busetnadssoga frå kring 1600 og eit par hundre år framover. Futerekneskapane finst fram til 1810, og dei er ved utgangen av 2018 digitaliserte (skanna) fram til 1718. Skattelistene og jordebøkene frå Jostedalen finn ein under Sogn eller Indre Sogn futedøme.

Skattelister, jordebøker og matriklar for Jostedalen – skanna (Digitalarkivet)

Skattelistene er manntal over årlege innbetalingar av ymse skattar som bønder, borgarar og embetsmenn vart pålagde å betale. Dei gjer det mogleg å rekonstruere både kva gardar som var i drift på ulike tidspunkt og brukarrekkjene på dei ulike gardane. I ei vanleg skatteliste frå 1600-talet over leiglendingane i Jostedalen finn ein postar med gardsnamnet, namnet på brukaren, kor mykje vedkomande hadde betalt i skatt og eventuelle opplysningar om at dei ikkje var i stand til å betale.

Etter 1596 finst det skattelister for Jostedalen frå 1600/01, 1603/04 og så godt som årleg frå og med 1611. For mange år finst det fleire lister, og gjerne både skattelister og jordebøker. Med tida vonar me å få lagt ut avskrifter her, og somme finst i menyen til høgre. Inntil vidare må ein nøye seg med originalane  i gotisk handskrift. Futerekneskapane kan delast i tre kategoriar.

Lensrekneskapane før 1660
Futen sine rekneskapar (med skattelister) før 1660 er ein del av lensrekneskapane. Dette var rekneskapar lensmennene (lensherrane) sende frå seg til Rentekammeret i København, og lensrekneskapane bygde mellom anna på rekneskapar frå futane. I lensrekneskapane for Bergenhus finst såleis futerekneskapane for Sogn, m.a. for Jostedalen. Dei ligg i Riksarkivet, og alle lensrekneskapar vart i 2011 skanna og publiserte i Digitalarkivet.

Dale prestegjeld (Luster) med Gaupne var eige len 1565-1614 og ikkje underlagd Bergenhus len slik Sogn futedøme var. Jostedalen har neppe nokon gong vore ein del av Dale len. Jostedalen er med i futerekneskapane for Sogn frå 1600 og vert ikkje lista opp under godset som høyrde til Dale len i lensrekneskapen frå 1615, den fyrste etter at lenet igjen vart underlagd Bergenhus. Jostedalen ser ut til å ha vore ein del av Marifjøra skipreide fram til Jostedalen stadig oftare vert omtala som eit eige skipreide utover på 1600-talet.

Amtsrekneskapane 1661-1690
Etter innføringa av eineveldet i 1660 vart lena erstatta med amt, og det var såleis stiftsamtstova som tok over rekneskapsføringa som lensherren tidlegare hadde hatt. Frå no avløyser såleis amtsrekneskapane (stiftsamtstoverekneskapane) dei tidlegare lensrekneskapane.

Elles er mykje likt, og det er små skilnader på eit futerekneskap før og etter 1660. Futen for Indre Sogn  sende inn rekneskapane sine til Bergenhus stiftsamt, som sende dei vidare til Rentekammeret i København. Hausten 2011 vart heile dette materialet skanna og publisert i Digitalarkivet til liks med lensrekneskapane.

Futerekneskapane 1691-1810
Frå 1690 sende futane rekneskapane sine direkte til Rentekammeret i København utan at dei gjekk vegen om stiftsamtstova.  Rekneskapane og skattelistene liknar elles mykje på dei ein finn i lens- og amtsrekneskapane, men dei utgjer ein eigen arkivserie.

Rekneskapane for Sogn futedøme med skattelistene for Jostedalen finst for tidsrommet 1691-1810. Ved utgangen av 2018 var futerekneskapane fram til 1718 skanna og publiserte i Digitalarkivet.

 

| |

Skriv ein kommentar