Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarSkattelister og matriklarSakefallspengar 1597

Sakefallspengar 1597

I futerekneskapen for 1597 finn me dei to fyrste kjende tilfella av at jostedøler vart dømde til å betale bøter.

Avskrift

Pouel paa Faaberigh ij Justedallen for hand haffer beligget Anne, Christoffers Quinde j Cronnedall affsonit Sagen for 10 dall

Einner j Justedallen for hand slogs Christoffer j Krondall at blodit gick wd aff hans hoffuidt, Vden Sags aff dømpt 2 dall

Kjelde

Riksarkivet, Rentekammeret, Bergenhus len, Futerekneskap for Sogn 1.5.1597-1.5.1598 – oppslag 13 (skanna original, Digitalarkivet)

Merknad

Dette er det nest eldste dokumentet som omtalar tilhøve i Jostedalen etter øydetida, nest etter skattelista 1596, og det er eitt av to dokument frå 1500-talet.  Det gjeld betaling av bøter i to saker, som båe to hadde gått ut over Christopher i Krundalen. I den fyrste fekk Paul Fåberg 10 dalar i bot for å ha lege med Anne, kona til Christopher, og i den andre fekk jostedølen Einar 2 dalar i bot for å ha slege til Christopher så blodet rann frå hovudet hans. Det kan ha vore både Einar i Fossen, som er nemnd i skattelistene både 1596 og 1600, og Einar på Kruna som er nemnd i 1596. Christopher er nemnd i Krundalen 1596 og som Christopher Biørnnetun 1600, og Lars Øyane har ført han opp som fyrste kjende brukar på Snøtun.  Lista gjeld både sakefallspengar i året 1597 og restansar «for forgangen Aar», så dette kan ha skjedd før 1597.

Sakefallslistene er ein del av futerekneskapane. Dette var bøter som futen kravde inn etter dom på bygdetinget, og desse rekneskapspostane gjev oss noko meir innsikt i samfunns- og folkeliv enn dei ordinære skattelistene. Særleg viktige er dei for tida før ein har rettsprotokollar (tingbøker) – for Indre Sogn frå 1648.

Futerekneskapen for 1597 har desse to sakene frå Jostedalen. Etter dette må ein fram til rekneskapen for 1616 før det dukkar opp nye sakefall frå Jostedalen.

Meir om sakefall (lokalhistoriewiki)

| |

Skriv ein kommentar