Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarSkattelister og matriklarJordeboka 1600

Jordeboka 1600

Ei jordebok frå skatteåret 1600-1601 er den fyrste skattelista som reknar opp gardbrukarane i Jostedalen etter presteskattelista frå 1596. Dette er òg den fyrste skattelista med sikker datering.

Avskrift 

Jøstedalenn

Nr Brukar/gard Skatt
1 Aff Møcklemyer  1 gjedshind
2 Oluff Ormberig  1 gjedshind
3 Halduor Møcklemyer  1 gjedshind
4 Knud Aase f:  1 kalvshind
5 Enner Foss led:  7 mark thallig,
1 gjedshind,
6 Stenner Vadberrig  1 kalvshind,
7 Ellend  Kønfse[?]  1 gjedshind,
8 Oluff Flade Jord f:  1 kalvshind,
9 Endre Grouff  4 mark thallig,
1 gjedshind
10 Siffuerd Eluekrogen f:  1 kalvshind,
11 Lauritz Birk f:  1 kalvshind,
12 Christopher Biørnnetun f:  1 kalvshind,
13 Joenn Houg  7 mark thallig,
1 gjedshindt,
14 Johanns Kremmer [?] 1 kalvshind f:
15 Oluff ibidem 1 kalvshind f:
16 Lasse ibidem 1 kalvshind f:
17 Endre Houg 1 kalvshind f:
18 Hans ibidem 1 kalvshind f:
19 Haldvard Faaberrig 1 kalvshind f:
20 Poul ibidem 1 kalvshind f:
21 Thore Bersetter 1 kalvshind f:
22 Sebiøren ibidem 1 kalvshind f:
23 Lasse Mielduer  7 mark thallig,
1 gjedshind,
24 Anders ibidem 1 kalvshind,
25 Pouell i Kregenn 1 kalvshind,
26 Oluff Kronnedall Leding 9 mark thallig,
1 gjedshindt,
27 Helge vid Broenn Leding 11 mark thallig,
28 Erich Lie Leding 1 gjedschindt,

 

Kjelde

Riksarkivet, Rentekammeret, Bergenhus len, Futerekneskap for Sogn med jordebok 1.5.1600-1.5.1601 – oppslag 24-25 (skanna original, Digitalarkivet)

Nummer er sett til i avskrifta.

Merknad

Jostedalen står i den delen av jordeboka som byrjar på oppslag 21 og har overskrifta «Leilendingers Leding frelse och fretold aff Sougen Lehn som iche giffuer Kong Mayts Landschyld». Ingen jostedalsgardar er med i dei to tidlegare bolkane i jordeboka som er «Kronens Landschyld” og ”Stiftens Landschyld».

Lista inneheld 28 personar om ein reknar med den anonyme på Myklemyr (1), mot 25 i presteskattelista frå 1596. Dei skulle totalt betale 10 geitskinn, 17 kalvskinn og 45 merke (ca 9,6 kg) talg i skatt. Det utgjer i alt kring 2,6 laupar smør, som er den vanlege omrekningseininga for samanlikning.

Dei fleste gardane er lette å identifisere: Myklemyr (1, 3), Ormberg (2), Åsen (4), Fossen (5), Flatejordi (8), Grov (9), Elvekrok (10), Bjørk (11), Fåberg (19, 20), Bergset (21, 22), Mjølver (23, 24), Kreken (25), Bruheim (27 – «vid Broenn») og Li (28). Me kan nok òg rekne med at «Houg» (13, 17, 18) er «Haugen», men kanskje ikkje alle tre oppføringane.

«Vadberrig» (ev. «Vedberrig») (6) er truleg Vamberg. «Biørnnetun» (12) er nok Snøtun. Det utydelege  «Kønfse»/»Kufre» (7) er truleg ei feilskriving for «Kjeppe», for i 1596 finn me òg ein med namn Elling «paa Kieppe». «Kronnedall» (26) er grei utan at det er opplagd kva gard Oluff budde på, verre er den vanskeleg leselege «Kremmer»[?] (14-16) som kan vere Kruna, men òg kan vere noko anna (t.d. «kremmar»).

Gamle gardnamn som heilt manglar, er Nedreli/Garden, Sperla, Bakken og Espe, Hellegård og kanskje Kruna.  Av dei finn ein «Leien» (Nedreli), Espe og Kruna i skattelista frå 1596. Men brukarar på somme av desse gardane kan vere oppførte under andre gardar.

Ein finn meir om dette i gards- og ættesoga til Lars Øyane der alle brukarane er plasserte på gardar etter ei vurdering av kva som verkar mest rimeleg.

| |

Skriv ein kommentar