Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarSkattelister og matriklarJordeboka 1611

Jordeboka 1611

Her følgjer oppføringane om Jostedalen i jordeboka for Sogn len 1611-12. Dette er den fyrste skattelista me har etter 1603.

Avskrift

Marrefiord Schibredt
(…)

Justerdallenn

Nr Gard Brukar Skatt
1 Myckellmyr, Lauridtz 1 Giedshinnd,
2 Ormberg 1 Giedshinnd,
3 Myckellmyr 1 Giedshinnd,
4 Aasse, Knud – Ehr Lensmand Derfaare Ledingsfrij 1 Kallffshind i frellse
5 Foss, Joenn 7 mark Talligh, 1 Giedshinnd,
6 Lii 9 mark Talligh, 1 Giedshinnd,
7 Backe 1 Giedshinnd,
8 Kregen 4 mark Talligh, 1 Giedshinnd,
9 Snøtten 4 mark Talligh, 1 Giedshinnd,
10 Miduill 1 Giedshinnd,
11 Kippe 9 mark Talligh, 1 Giedshinnd,
12 Grouff 1 Giedshinnd,
13 Halleland 7 mark Tallig
14 Foberg 1 Giedshinnd,
15 ibid Hemingh 1 Giedshinnd,
16 Birck 4 mark Talligh, 1 Giedshinnd,
17 Esspe 1 Giedshinnd,
18 Houg 6 mark Talligh, 1 Giedshinnd,
19 Millde 8 mark Talligh, 1 Giedshinnd,
20 ibid Oluff 1 Giedshinnd,
21 Krumme ½ pund Talligh, 1 Giedshinnd,

 

Kjelde

Riksarkivet, Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Lensregnskaper, RA/EA-5023/R/Rb/Rbt/L0009: Bergenhus len, 1609-1612, pag. 110-111. (skanna original, Digitalarkivet)

Nummer og kolonneoverskrifter er sette til i avskrifta.

Merknader

Jostedalen står i den tredje delen av jordeboka, som er «Leiglendingers Leding Och Fretolld. Aff Sognlheen Som Jcke Giffuer Kong: Maytt: Lanndskylldt». Dei to fyrste delane er «Cronnens» og «Stigtens» landskyld. Jostedalen er ein underpost under Marifjøra skipreide (til liks med Veitastrond), og det er gjort ei samla summering for heile skipreidet inkludert Jostedalen.

På siste oppslaget vert det opplyst at  dette er «Sogn Lheens Jordbog frae Phillipi Jacobi dag Anno 1611 Och till Aarsdagen Igien Anno 1612″, altså frå/til 1. mai som var det vanlege rekneskapsåret. Jordeboka er datert Bergenhus 30.4.1612 og er signert «Hans Rasmussøn Kong: Maytts Fougitt offuer Sogenlheen».

Sidan det er ei jordebok, får me her opplyst kva gardane skulle betale i skatt (leidang og fredtoll), ikkje kva dei faktisk betalte. Dei skulle i alt betale 19 geitskinn, 1 kalvskinn (Knut Åsen) og 51 merke og eit halvt pund talg, som totalt vil seie ca 13,5 kg. Samla blir dette totalt 3,3 laupar smør, som er den vanlege omrekningseininga for samanlikning.

Lista fortel om 21 skattepliktige leiglendingsbruk i Jostedalen. Slike lister vart laga for skatteopplysningane si skuld, så det er dei som er mest pålitelege. Gardsnamna er radbrekte, og den som sette opp jordeboka, har ikkje teke seg bryet med å føre opp namna på meir enn fem brukarar – oftast for å skilje ulike brukarar på same gard.

Dei fleste gardsnamna skulle likevel vere greie å tolke, og dei kan kryssjekkast med gardsnamn og skatteopplysningar i jordeboka frå 1612. «Lii» (6) er Nedreli/Garen, «Snøtten» (9) er Snøtun, «Miduill» (10) og «Millde» (19, 20) er Mjølver, «Halleland» (13) er Hellegård og «Krumme» (21) må vere Kruna.

I jordeboka frå 1600 var det 28 brukarar medan pengeskattelista frå 1603 berre hadde 14. At talet no er auka til 21, men ikkje meir, tyder på at busetnaden i Jostedalen fekk seg ein knekk like etter 1600. Talet på skattytarar vart frå 1611 liggjande på 21-24 fram til ein del husmenn, drenger og nyryddarar (ødegardsmenn) byrjar å dukke opp i skattelistene utover i 1620-åra.

| |

Skriv ein kommentar