Main menu:

Undersider for Topografiske skildringar:

Du er her: Topografiske skildringarØffsterdals Crønike (ca. 1600)

Øffsterdals Crønike (ca. 1600)

Ein av grunnane til at me no må grave i jorda for å få greie på kva som hende i Jostedalen i mellomalderen, er at det knapt finst skriftlege kjelder. Før ei skatteliste frå 1596 er Jostedalen berre nemnd i tre knappe kjelder. Jo Rune Ugulen leverte i 2006 doktoravhandlinga ’…alle the knaber ther inde och sædescwenne…’ Ei undersøking i den sosiale samansetjinga av den jordeigande eliten på Vestlandet i mellomalderen (Universitetet i Bergen). Han har gått gjennom ei stor mengd kjelder som opplyser om eigedomsforhold, mellom anna kjeldene frå Jostedalen. Her er det ikkje meir å seie enn det som alt er kjent, at Jostedalen i mellomalderen var eigd av Apostelkyrkja i Bergen. Arkivet for Apostelkyrkja som for dei fleste andre store jordeigande institusjonane, er sporlaust borte.

Av andre bortkomne kjelder dreg Ugulen særleg fram éi, som i det minste eksisterte kring 1600 i Dale kyrkje i Luster. I tingboka for Indre Sogn kan ein lesa på gamal sirleg dansk om ei sak 20. juni 1649 (avskrift etter Ugulen, s. 79):

Erschinet for retten erlig och welacht och forstandig mand Søffren Lauridtzen, som wdj goed lydeli spurde gamel Knud Aasen huad hannem witterligt ehr om den alminding som liger wed Dalle wdj Lyster. Hor til Knud suaret at hand nu ehr 90 aar gamel och for 50 aar forleden, den tid her Suend war prest wdj Lyster. Da laa wdj Dalle kierche Øffsterdals Crønike, och der i leste at Øffsterdal haffde fri heste bede och marchet paa Dals Ørren, och Bottel Røne som war 129 aar[!] gamel forregaff for hannem at almindingen wed Dalle laa til Øffsterdallen, och aff mange flerre, samme ord hørt haffuer, som hand forregaff.

Dette galdt ei sak om allmenningen ved Dale, og den gamle Knud Åsen seier altså at han hadde lese i ”Øffsterdals Crønike” om allmenningsrettane til jostedalsbøndene. Tidsrekninga bør ein nok ta med ein klype salt sidan det vert hevda at Botel Røne var 129 år gamal. Det er snakk om at Knut såg boka for 50 år sidan, på den tida Svend var prest. Ein Svend skal ha vore prest Luster i ca 1605-06 (Lampe, s. 9), altså 43-44 år før 1649, så dette er kanskje det næraste ein kjem eit årstal for når «Øffsterdals Crønike» skal ha funnest. Om Knut Åsen var 90 år i 1649, må han ha vore fødd kring 1559, men her er det nok ein del feilmargin. Knut var lensmann i Jostedalen ei årrekkje tidleg på 1600-talet.

Det me berre kan spekulere på, er kor mykje anna som òg stod i denne krønika om tida før 1600. Det var i desse tiåra ein til no har trudd at dalen vart teke i bruk att etter øydetida. Men det er vel ikkje anna å gjere enn å gremmast over at jostedalskrønika er tapt.

Kjelder og litteratur

Tingbok 1 for Indre Sogn, 1648-1652, side 27a og 27b. [Digitalarkivet]

Ugulen, Jo Rune. (2006). «-alle the knaber ther inde och sædescwenne-«. Ei undersøking i den sosiale samansetjinga av den jordeigande eliten på Vestlandet i mellomalderen. Avhandling (ph.d.). Universitetet i Bergen. [Digital utgåve, Universitetet i Bergen]

Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger.  (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. [Digital utgåve, Digitalarkivet]

Ein tidlegare versjon av denne artikkelen stod i Jostedal skule- og bygdeavis, 2007 (av Oddmund L. Hoel)

| |

Skriv ein kommentar