Main menu:

Undersider for Målreising:

Du er her: MålreisingHovdan om innføringa av nynorsk

Hovdan om innføringa av nynorsk

Peder Hovdan samla gjennom fleire tiår opplysningar om målreisinga utover i landet. Her er det han har notert seg om Jostedalen.

Avskrift

Kyrkjor: Jostedalen

Naar teke i bruk og røystetal:

  • Nokre Salmar: 12/5 1907 51 mot 3
  • Norsk Tekst og Altarbok: 5/2 1923
  • Norsk Salmebok: 2/6 1935 55–18

Manntal: 943
Skulekrinsar i det heile: 5
Hev norsk: 5

Naar teke i bruk o.m.: Norsk hovudmål lyt ein vel her helst rekna frå 1901 då norsk abc vart innf og 1904 då Austlids lesebok vart teki i bruk.

Røysting um Blixsalm. 19/7 03. 12 røyster med, 56 mot. 1901: Det hev vore smått med målhugen hjå storhopen her fyrr, men no hev skulest. teke eit stig i leidi. På fyrste møtet skulest. hadde 1901 vedtok dei at borni skulle få bruka bibelsoga og abc på landsmål i skulen og skulest. vil byta lesebok i skulen. Brevskrivaren …e spørr etter Austlids. D. 17m 21/3 01.

Austlids lesebok vart innf. hausten 1904 og borni er glade i boki. D. 17m 28/1 05.

Skulen gleid so yver i norsken litt um senn. I 1908 er det meldt at 2 krinsar hadde norsk til hovudmål og i 1911 hadde alle 5 krinsar det. Noko vedtak um norsk til hovudmål har aldri vore gjort. Josted skulest. (soknepresten Karl Falkenberg) i svarbrev til meg 16/2 1915. Dei skriftlege arbeid i skulen ”har i en række av år” vore på norsk segjer han. –

”Det er klokkar Anders Hjellum som hev gjort mest til og hev mest ære av framgongen i Jostedal – framgang i so mange leider – fortel B. K. i ”Hardanger” 12/3 18. Han er fødd i Underdal i Aurland, var fyrst lærar i Mauranger og kom so til Jostedalen der han hev gjort ovleg gildt arbeid.”

Krinssjukekassa brukar landsmål frå nyår 1913. (segjer skulest. 16/2 15). ikkje andre bygdestyre då nytta norsk.

Vedtekter og anna på norsk:

  • Helsevedtekt vedteki 30/3 35
  • Kronprins. resol. 24/1 36. 13 sidor.
  • Politivedtekt vedteki 1/7 39, godkj. 2/19 39. 28. Justisdep.
  • Fiskereglar godkjende 23/1 1940. Landbruksdep.

Kjelde

Ivar Aasen-tunet, Peder Hovdans Arkiv for norsk målreising, «Norsk målreising. Målskiftet i heradi. 1865-1940-195…» (handskriven protokoll), side 182.

Avskrifta er her oppsett annleis enn i protokollen, men teksten er nøye etter originalen.

Merknad

Læraren og målmannen Peder Hovdan samla frå kring 1908 og eit halvt hundreår framover opplysningar om språkskiftet frå bokmål til nynorsk (målreisinga) utover i landet. Opplysningane skreiv han inn i ein stor protokoll, og ovanfor er avskrifta av det han har om Jostedalen. Dokumentasjonen til Hovdan av målreisinga er den viktigaste som finst før staten i mellom- og etterkrigstida byrja å føre ymse språkstatistikkar.


| |

Skriv ein kommentar