Main menu:

Undersider for Målreising:

Du er her: MålreisingFyrste vedtak om nynorsk i skulen (1901)

Fyrste vedtak om nynorsk i skulen (1901)

I januar 1901 gjorde skulestyret i Jostedalen det fyrste vedtaket om å opne for nynorsk i dei fem skulekrinsane i Jostedalen. Det var eit vedtak om gje elevane løyve til å bruke abc-bok og bibelsoge på nynorsk om foreldra ynskte det. Vedtaket vart eit par månader etter omtala i avisa Den 17de Mai.

Skulestyrevedtaket

Aar 1901 den 15de januar afholdtes efter forudgaaende tilsigelse kombineret skolestyre og lærermøde i kommunelokalet paa Yttri. Alle baade skolestyremedlemmerne og lærere var tilstede.

1. Foretoges valg paa formand og næstformand for indeværende aar. Valgte blev A. C. Ormberg og lensmand Tvedt.

(…)

6. Efter forslag fra Kirkesanger A. Hjellum besluttedes mod 2 stemmer at foreldrene herefter skal have frit valg af Abc og bibelhistoie til sine børn enten disse skal være paa landsmaal eller paa almindeligt bogmaal.

[…  sign.]

A. C. Ormberg. Tvedt. Th. Børresen. A. O. ØvregårdAnders Hjellum. M. H. Takle. A. AusterheimK. A. OrmberstølLars R. Faaberg. L. S[?] Snetun. N.H. Bruheim

Fraa Justedalen.

(Brev til ”Den 17de Mai”).

Um me er no noko seine av oss, so hev me daa kravla oss fram, so me er komne i det tjugande hundradaar her i Justedalen og.

Desse glupe landskjende ”budeiorne”, som var ute paa lokking for ei tid sidan, tykte visst, me kunde ”rauta” lenge nok her i Justedalen, og baud oss ikkje av det gode saltet sitt.

Det hev ellest vore smaatt med maalhugen hjaa storhopen her fyrr; men no hev daa skulestyre teke eit stig i leidi:

Paa fyrste samkoma, skulestyre hadde i dette hundradaar, vart det vedteke, at borni skulde faa bruka bibelsoga og ABC’a paa landsmaal i skulen. Detta tykkjer vel sume er lite; men me fær vona, dei gjer fleire stig og ikkje stoggar fyrr dei er framkomne.

Skulestyre er i tanke um aa byta lesebok i skulen, og me vil no fritta ut ”Den 17de Mai”, um so han kan gjeva oss svar.

Kva tid vert Austlid si lesebok aa faa, skal tru?

Vert alt paa landsmaal og ikkje noko paa ”rigsmaal” i ho?

Kor mange band vert det, og kva kjem ho til aa kosta, skal tru?

Det vore gildt, um nokon kunde gjeva oss svar paa desse spuri i ”Den 17de” snøggast raad var.

. . . . e.

Til dette kan me svara: Austlid si lesebok skal verta ferdig so tidleg til sumaren, at ho kan takast ibruk fraa den tid skulen byrjar til hausten.

Daa loven krev, at borni i alle skular i Norigs land sunnanfor Finnmarki skal læra aa lesa baade landsmaal og bokmaal, vert det so mange lesestykke paa bokmaal i Austlid si bok, at kravet i loven kan etterkomast. Kor stor boki vert, og kva ho kjem til aa kosta, kan me ikkje svara paa idag; men det er grunn til aa tru, at ho vert billegare en Rolfsen si. Dette skal det verta gjort greide for seinare.

Bladstyret.

Kjelder

Statsarkivet i Bergen, Jostedal skulestyre, protokoll, møte 15.1.1901.

Den 17de Mai, 21.3.1901.

Merknad

Dette er kjeldene til det fyrste vedtaket i Jostedal skulestyre om å opne for bruk av landsmål. Det gav foreldra som ville det, høve til å velje Abc og bibelsoge på landsmål. Som det går fram av avisinnlegget, vurderte skulestyret òg å innføre lesebok på landsmål.

Den 17de Mai (Oslo) var den leiande nynorskavisa i landet. Signaturen ”….e” fortel at stykket må vere skrive av Mons H. Takle, som var glødande målmann og lærar i Jostedalen på denne tida. Bror hans, Magnus Takle, vart i 1906 fyrste formann i Jostedal mållag.

| |

Skriv ein kommentar