Main menu:

Du er her: MålreisingIvar Aasen: Justedals-Breden (1862)

Ivar Aasen: Justedals-Breden (1862)

aasen-1871.jpgIvar Aasen var i Jostedalen ein gong, og det var sommaren 1855. Han skreiv nokre år seinare dette stykket om vitjinga.

Der er tvo Avbygder paa Vestersida, som eg lenge havde tenkt at koma til; det er Justedalen i Sogn og Stryn i Nordfjord. Helst havde eg tenkt at fara so, at eg kunde sjaa baada Bygderna paa sama Ferdi og dertil den vidgjetne Breden, som ligg imillom deim, og difyre skulde det vera gildaste at ganga yver sjølve Breden og soleides taka det alt paa ein Gong. No høvde det til, at det var ein annan Ferdamann, som vilde fara same Vegen, og soleides var det ein Dag uti Augusti Maanad i 1855, at me gingo tvo saman upp igjenom Justedalen og vaaro komne fram mot ein Gard, som heiter Elvarkroken. Der fingo me sjaa ein Glytt av Breden, og det var alt eit Syn, som var sannelega storvoret. Der er ein stor Tverdal, der Isen hever siget ned ifraa fremste Fjellbruni og lagt seg som ein Aal i Bugter langsetter Dalen, lika ned paa den laagaste Flata, der han endar i ein stor Molgrunn av Aur og Smaastein, som er mesta lika so graa som Isen sjølv. Det er Nigards-Breden. Han ser snaraste ut, som um det var ei kjempestor Elv, som havde fyllt upp Dalen til midt i Liderna og so paa ein Gong havde stadnat og storknat og sidan vordet liggjande i same Skapnad.

Men dette var no berre ein Tverdal, og den andre Dalen rekker myket lenger fram. Me gingo til øvste Garden, som heiter Faaberg, og fingo oss Hus til Natti. Næste Morgon skulde me faa oss ein Vegvisar og leggja til aat Storfjellet, um det vardt Veder til det; men daa Morgonen kom, var det Regn og Skodda, og so vardt det avgjort, at me skulde bida til næste Dagen. For det duger inkje at leggja ut paa den Vegen i nokot Ruskveder; helder inkje maa ein standa seint upp elder drygja lenge fram paa Morgonen; ein treng ein lang Dag til denne Ferdi, og endaa lyt ein vera um seg, so det munar fram; men fyrst og fremst lyt ein vera frisk i Fotom og hava Kne og Knokar i dugande Stand. For det verd annat Slag en paa Postvegen ned i Bygdi.

Den andre Morgonen var Vedret endaa nokot tungt og tjukt, men det var daa likt til, at det vilde letta, og soleides stodo me upp i Lysingi og vilde paa Vegen. Det var Tvilsmaal, um me skulde taka Beinvegen yver Breden elder fara ein Umveg, som er myket tryggare, men som skal vera tvo Gonger lengre og mesta lika so tung til at ganga. Me havde fenget ein ung og frisk Mann til Vegvisar; han havde største Hugen til at stemna beint paa Breden, men Fader hans vilde helder telja oss ifraa det, um inkje Vedret skulde klaarna. Ellers vardt det lenge, fyrr me komo rett upp i Høgdi; for me havde fyrst ei Mil Veg at ganga igjenom ein Dal, som skjer seg inn imot Breden. Der vaaro me inne paa ei Sæter og nørde oss vel med Mjølk og Dravle og sidan stemnde me beinaste upp imot Fjellet. Der var det inkje greidt at koma fram; fyrst var det bratta Lider med den tettaste Smaaskog, som laag nedbøygd etter Snjoskridom, so ein laut smjuga seg fram imillom Treom, stundom stiga yver deim og stundom smetta innunder deim. Sidan naadde me Vorrarne, som Breden hever skotet ifraa seg, det er stora Veltor av Aur og Mold og store Steinar, som liggja hardla laust i bratte Bergsida, so ein maa vera rædd at koma nær deim; men endaa lyt ein harka seg fram imillom deim, for der er ingen vænare Veg til at finna. Seint og sidar komo me so høgt upp, at me skulde stiga inn paa Breden, og der var det helder inkje greidført; for Isen var allstad bratt og skrukkutt i Kanten og dertil full av djupa Sprungor, so ein laut ganga i Krokar til alla Sidor. Men med langa Stunder og myket Stræv komo me daa endelega so høgt upp, at Isen tok til at verda flatare, og Foten vardt lettare at flytja.

Soleides vaaro me daa komne upp paa den vidspurde Justedals-Breden, upp i ei munarleg Høgd yver Havtrømen, og ut paa ei Heid av berre Is og Snjo. Og Utsyni var just inkje myket blid. Vedret vilde inkje letta; helder tok det til so smaatt med Nedburd, og den Nedburden, som me kalla Regn ned i Bygdom, han var heruppe umskapad til berre turre Snjoen. Paa sjølve Isheidi laag det alt ei Snjoflo, som gjekk uppaa Grannleggen, og i Lufti stod Snjoen i ymse Kavar med so kald ein Vind, at det var radt, som um me paa ein einaste Time vaaro komne tvert ut av Sumarvarmen og midt inn i hardaste Vetteren ved Kyndelsmess Tider elder so paa Lag. Verre var det, at Snjokavarne stundom vaaro so tjukke, at det var vandt at sjaa den rette Stemna yver Fjellet; og det styggaste var, at den nyfallne Snjoen havde drivet saman og jamnat seg, so ein inkje fekk sjaa dei store Sprungorna i Isen, som just er den verste Faaren. Det saag ut til ein diger Dag. Men endaa havde me største Hugen til at halda fram, so lenge som lyda vilde; og Vegvisaren var ein djerv og herdig Gut, som helder inkje havde Hug til at venda. Han havde med seg eit Tog, som me bundo fast kring um Brjostet, soleides at det var so langt som tri Famnar imillom oss; det er difyre gjort, at um den eine fell i ei Rivna, so skal dei andre standa maatelega langt ifraa, so dei kunna faa Tak i Toget og hjelpa honom uppatter. Og dertil havde han ein liten Staur, som han gjekk og stakk med i Snjoen fram fyre seg, ein Styng fyre kvart Stig, til at kjenna, um det var Rivnor i Isen.

Desse Rivnorna ero det faarlegaste paa denne Ferdi; for dei ero hardla djupa, og den som fell i deim, kann knapt koma uppatter med si eigi Hjelp. Det var fortalt oss, at ein Mann havde eingong gjenget einsaman yver Breden med ei liti Nistebumba paa Ryggen. Der havde han fallet ned i ei stor Sprunga, men kom daa so heppelegt ned, at han fekk sitja paa Bumba si; der havde han Mat, so han slapp at svelta, men ellers vardt han sitjande baade ein Dag og fleire og saag inkje annat en visse Dauden fyre Augom. Daa høvde det til, at det gjekk nokre Menner yver Fjellet, og Mannen i Sprunga fekk høyra Maalet deira; daa tok han til at hua og ropa det sterkaste han vann, og heppelega nog vardt han høyrd, so han fekk Hjelp og var uppatter dregen or Dauda Svelgen.

Sidan me no vaaro komne upp aa høgste Heidi, var Isen flat og jamn som eit Golv, og paa denne Sletta var det ogso nokorleides fritt fyre Sprungor, so me sloppo til at ganga tollega fort. Det kunde vera mest som ei Mil Veg, at me gingo paa denne Flata; sidan tok det til at halla nordetter. Eg havde gledt meg til den store Utsyni, som me skulde hava paa Fjellet, og mest til at sjaa den vidkjende Lodalskaapa, som skal standa der so høg og røseleg som ei Kjempeborg midt i Snjohavet. Men det var so myket Kov og Snjo, at me aldri fingo sjaa nokot langt, og me kunde endaa vera glade til, at Snjokaven inkje var tjukkare, en at me oftast fingo sjaa dei næste Smaabergi og hava deim til Vegamerke. Der er mange slike Berg, som risa høgt upp or Breden og ero so snaude og reine, som um dei vaaro nylega skurade. Snjoen havde helder inkje fest seg paa desse Bergom; det var vel Vinden, som havde drivet honom av og samnat honom so myket tjukkare paa Isen nedanfyre.

Det tok til at halla myket nedetter paa Nordsida, og her vardt det ogso vondt at ganga. Vistnog var ikkje Iskanten so skrukkutt her i Avsøla, som han var paa Solsida; men derimot var Bergsida verre; for her var det berre flogbratte Hamrar med ymse smala Flær og Hyllor imillom, so det var vandt at finna nokon Utveg. Der skal vera ein Gangstig, som inkje er brattare, en at Folk kunna fara der baade med Kyr og Hestar i beste Sumarbolken; men denna Stigen er vand at finna, naar ein kjem ovantil. Me kunde aldri sjaa nokon Veg, og difyre luto me ganga der lenge og kroka att og fram, til dess me funno ei liti Glenna, som var gangande.

I denne Dalen, som me no komo ned i, er ogso ein stor Isflake, som henger ned igjenom eit Skard og endar i ein Molgrunn av berre Aur og Stein. Desse breide Aurbolkarne kringum Breden ero undarlege at sjaa til; for det er, som um Grunnen var nyst uppgraven, og Aur og Stein er so skir og nyvoren, som han var sprungen upp or Jordi den same Dagen. Der er inkje at tenkja paa nokot groande Slag, inkje so godt som ein Mosedott, inkje so myket som den minste Rur elder Skorpa paa Steinen. Denne Livløysa er eit uhyggjelegt Syn. Eg tykte so, at eg no kunde skyna betr paa den gamle Segni, at der som Breden ligg, var eingong ei fager Bygd, men Folket foor so agalaust fram i Ulivnad og Syndauke, at Guds Refsing kom eingong yver deim, so at baade Land og Folk gjekk under. Denne Segni maa hava sitt Upphav i den syrgjelege Liten, som Landet hever; det ser altsaman ut, som um det var bannstøytt og fordømt til æveleg Livløysa og Gagnløysa.

Me vaaro no komne ned paa groande Grunn og maatte vel vera glade til, at det store Spranget var gjort, og at alt havde gjenget vel. Snart kom me inn paa ei Sæter og fingo oss nokot til Styrkning, og sidan seig det fram imot Bygdi, so me komo i god Tid til Greidung, som er næste Garden i Aardalen i Stryn. Trøytte og vaate, som me vaaro, tykte me no, at det var myket gildare at koma til ein gamall Bondegard en til eit glansande Gjestahus, der alt er lagat paa Stormanns Viis. Lat andre syta og laata lenge nog fyre all den Naudardom, som skal finnast «i dei Bygdom, som ero minst vedrørde av Borgarseden». Eg held meg til det gamle Ord, at «i Ferdom fær ein taka kvat fyre fell»; det kann ingen venta, at alle Bønder skulde byggja Gjestahus fyre framande Folk, og at kvar ei Kjerring skulde vera upplærd som ei Reiddeigja paa eit «Hotell» i Byen, altsaman fyre det store Tilfelle, at der eingong kunde koma ein langferda Herremann, som kanskje vilde skriva ei liti Leksa um Landet. Eg meiner, det er best, at Folk byggja Husi etter sitt eiget Bruk, og so lenge som dei sjølve ero nøgde med deim, so kunna andre vera det og. Det er litet Gagn fyre Landet, at Folk «byggja seg husville», som det heiter paa ymse andre Stader.

Me havde ingi Orsak til at lasta paa Hushaldet her; for me fingo so god Umreidsla, som me best kunde ynskja, og det kom ogso rett vel ved etter det store Vaas og Stræv, som me havde havt um Dagen. Me havde mest som ei Sut fyre Vegvisaren, som skulde heimatter same Vegen um Morgonen; og det var inkje fritt, at han sytte fyre det sjølv, sidan han daa skulde fara so einsaman i uvænt Veder med Snjo og Skodda. Men til stor Hugnad fyre alle i Hop havde Himmelen klaarnat av til Morgonen, so at det teiknade seg til ein fager Dag med baade Sol og Sumar.

Kjelde

Dølen, 17.8.1862. Her etter Ivar Aasen, Skrifter i samling, bd. 1, Kristiania og Kjøbenhavn 1911.

Merknad

Ivar Aasen gjorde den ferda han skildrar i august 1855. Han skreiv om turplanen i eit brev til venen Maurits R. Aarflot 8.8.1855:

Jeg agter nemlig at gjøre en Reise til Valders og maaskee til Sogn, som jeg forhen ofte har tænkt paa. (…) Det er to Afkroger, som jeg havde stor Lyst til at befare en Gang for Sprogets Skyld, nemlig Justedalen og Stryn. Kunde det nu falde beleiligt at komme over Justedals-Breden, saa fik man slaae disse to Fluer med «einn Smikk», og saa var man da meget nær Søndmør. Jeg er nu i den senere Tid vant til Fodreiser over Fjeldene og er altsaa ikke saa meget ræd for Jølsterbreden, ifald den ikke skulde være meget farlig.

Gjennom dei stikkordprega dagbøkene for den månaden kan me fylgja Aasen. Han drog frå Oslo 11. august og drog gjennom Valdres, over breen til Nordfjord og kom fram til Ørsta 28. august. Dette har han notert frå Jostedalen:

19. Reist fra Leirdalsøren til Rønneid (4 1/4).
20. Gaaet til Sperla (2 1/2). Inde hos Lars Leirmo. Regn.
21. Til Faaberg (1 3/4). Justedal. Vangsen. Gjeisdalsfosserne. Nigardsbreden. Hvilet følgende Dag. Uveir.
23. Gaaet over Justedalsbreden til Greidung (omtr. 4 M.). Ud Kl. 5, fremme Kl. 7 1/2. Stygt Veir, med Skodde og Sne. Snee paa Breden, dog siden lettere. Meget ulændt og stygt at gaae. Den hele Reise Anstrængende og vovelig.
24. Til Togning (1 1/4 tilbaads, og 3/4). Hjellehynna, Aardalen &c.

Det språklege utbytet av reisa vart likevel ikkje så stort, skriv han i arbeidsmeldinga 31.12.1855 til Kyrkjedepartementet, som han hadde løna si frå:

I August Maaned foretog jeg en Reise til Valders og derfra til Sogn og Nordfjord. Jeg havde længe ønsket at komme til at besøge et Par afsides liggende Distrikter, som sjelden blive bereiste af Fremmede, nemlig Justedalen og Stryn, og jeg besluttede derfor nu at besee begge disse Egne paa een Gang, idet jeg tog Veien over Justedals-Breden til Opstryn. Der blev imidlertid lidet udrettet paa denne Reise, saa at den ikke kan komme i synderlig Betragtning med Hensyn til Udbytte for Sprogsagen. Rigtignok bleve adskillige Oplysninger ogsaa paa denne Vandring indhentede, men deraf var kun saare lidet, som var egentlig nyt for mig, da det meste kun var en Bekræftelse paa noget, som jeg forhen havde hørt paa andre Steder. I Justedalens Dialekt forekom vistnok adskilligt, som var afvigende fra det egentlige Sognske, men disse Afvigelser befandtes kun at være Tilnærmelser til det Nordfjordske, saa at det her som paa flere Steder bekræfter sig, at to Distrikter, som adskilles ved store og uveisomme Fjeldstrækninger, kunne have en langt større Lighed i Sproget, end man skulde formode.

Aasen skreiv stykket om Jostedalsbreen 4.10.1861. Han las det opp på skipingsmøtet til det fyrste organiserte mållaget i Kristiania dagen etter. Det stod altså på trykk i A.O. Vinjes vekeavis Dølen i august 1862.

I 1864 gav Aasen ut hovudverket sitt,  Norsk Grammatik, som var ein grammatikk over det norske språket slik det levde i dialektane. Her har han merka seg at Jostedalsbreen ikkje utgjorde eit så skarpt dialektskilje som ein skulle tru:

Mærkelig er den Tilnærmelse eller tiltagende Lighed, som sædvanlig finder Sted i Sproget i to jævnsides liggende Distrikter, om de endog ere adskilte ved store Fjelde eller ubeboelige Strækninger. Ved de høie Fjeldrygge i Midten af Landet finder man saaledes oftest en gradviis Overgang, … Selv en saa mægtig Skillevæg som Justedals-Breden har ikke kunnet hindre, at Maalet i Justedalen i visse Smaating afviger fra det Sognske og nærmer sig til det Nordfjordske.

Kjelde

Ivar Aasen. Brev og Dagbøker, ved Reidar Djupedal, Oslo 1957-60, band 1, s. 276 og 286, og band 3, s. 202 og 233).

Ivar Aasen: Norsk Grammatik. Kristiania 1864, s. 355. (Digital utgåve)

| |

Skriv ein kommentar