Main menu:

Undersider for Målreising:

Du er her: MålreisingOm målreisinga i Jostedalen (avisinnlegg 1905)

Om målreisinga i Jostedalen (avisinnlegg 1905)

Dette innlegget i Sogns Tidende i desember 1905 gjev ein god stemingsrapport om målreisinga i Jostedalen.

Fraa Justedalen.

Her i Jostedalen hev me no havt ei god og roleg jol.

Det er i grunnen ei egte nasjonal fjellbygd Jostedalen, anten det no er det friske verlaget som gjer det, eller det er at Jostedalen gjenom lenger tid hev vore so lukkeleg at her hev vore gode aandsens arbeidarar.

For nokre aar sidan hadde me Blix-salmespursmaalet framme til avrøysting, men daa trekte deira vener det kortaste straa. Det var endaa noko altfor nytt dette med Blix-salmarne; folk kjende dei ikkje den gong. Og dei trudde ikkje at dei var nasjonale. Dei trudde endaatil sume, at den danske salmediktar Kingi var meir nasjonal enn Blix. Blix var med andre ord ein heilt ny mann i Jostedalen.

Men no hev der kome kunnskap um desse ting. Ein ny nasjonal straum hev fare gjenom dalen beint imot snoen fraa Jostedalsbreden.

Med denne nasjonale straumen fekk me desse skulebøkerne paa landsmaal inn i folkeskulen:

”Den fyrste bok aat barnet”; bibelsoga og Austlids lesebok.

Foreldri hev so litt etter kvart fenge opne augo for sitt eige maal, og for den herlege aandsarv dei hermed hev vore med og gjeve ungdomen.

Dei skynar det no alle, at landsmaalet er det likaste for borni, naar det gjeld aa arbeida seg fram til upplysning og kunnskap.

Denne nasjonale straumen hev havt god studnad av presten og lærararne. I denne sak som i uppsedingsarbeid og upplysningsarbeid arbeider desse menn traust og godt saman, so i so maate kann Jostedalen reknast for ei mynsterbygd.

No er ogso tidi komi, daa ein utan otte kann ganga til arbeidet med Blix-salmarne. Gjenom skulen og borni hev no bygdefolket lært aa elska desse fagre salmar, so det er aa vona at foreldre vil kappast um aa røysta for dei til kyrkjebruk.

Her var litt strid ogso her um forfatningsspursmaalet, men no skal arbeidet for salmarne og det nasjonale samla oss atter til ein traust fylking.

Kjelde

Sogns Tidende, 29.12.1905

Merknad

Stykket er usignert, men temmeleg sikkert skrive av ein av lærarane som var aktive i mållaget, mest truleg Magnus Takle som eit knapt år seinare vart formann i det nyskipa Jostedal mållag.

| |

Skriv ein kommentar