Main menu:

Undersider for Topografiske skildringar:

Du er her: Topografiske skildringarReisebrev fraa Sogn (1918)

Reisebrev fraa Sogn (1918)

Dette reisebrevet frå 1918 fortel i friske ordelag om eit heidensk folkeferd som no har vorte sivilisert av dugande prestar og lærarar. Mellom anna har dei gjort slutt på skikken med fyll og kortspel under heradsstyremøta! Skildringa lyt nok takast med nokre klyper salt.

Reisebrev fraa Sogn.

III. Jostedalen

er ei trong sprukka i fjellet millom Luster og Hafslo. Det er eit heilt lite prestekall og i lengd ikkje so lite endaa dalen gjeng fraa botnen av Gaupnefjorden og 4–5 mil uppetter til foten av Jostedalsbrædi. Jostedalselvi som kjem fram under storbrædi, bugtar seg etter dalbotnen og hev lag til aa grava ut gardarne nedetter dalen. Staten hev gjeve store pengesumar til bægjemurar etter elvebardarne mange stader. Kleine vegar hev dei havt til no dei seinste aari, daa staten hev teke seg av deim og byggt god og tidhøveleg veg etter heile dalen. Der gjeng bilar i ruta um sumaren, – kulturen hev brote gjenom.

Der hev i tidlegare tider vore so som so med kulturen der som i andre avsides bygdar. Gamall heidendom heldt seg merkeleg lenge der uppe. Det vart herma etter ein fin og forsigtig bisp, som etter ei visitasferd i dalen for ein stutt mannsalder sidan var reint yvergjeven, at staten burde løysa inn dalen, leggja han under fefot og taka folki derifraa og kultivera deim, istadenfor som no aa telja ut so mange pengar for aa halda heidenskap deruppe. Um den same bisp hadde sett uppatt no, vilde han teke framlegget attende. Dugande lærarar og prestar hev i dei seinare aar teke trauste tak, og framvokster er der paa alle leider. Like ned til 15–20 aar sidan bruka dei aa hava lummeflaskor og kortstokk med seg i heradstyre og andre offentlege møter, og tidi vart nytta til drikk og kortspel, medan ordførar eller formann skreiv sak og vedtak inn i møteboki. Møti enda titt med fyll og kinnhestar, fortel dei. Men so kom der mest samstundes ny prest og tvo nye friske, sterke lærarar. Til fyrste heradsstyreval sette dei upp eit frygteleg radikalt program: ”Flaska og kort burt fraa alle offentlege møter”. Men daa vart det liv i leiren. Valstriden vart som den argaste samlagskamp, og det nye programmet sigra med knapp yvervigt. Dermed vart heradsflaska og heradskortstokken ute av sagaen. Sidan hev ædrugskap og sædskap gjenge framyver, so dalen ikkje er attkjenneleg. Truleg var det ikkje nett kort og flaska det var so umoleg aa vera av med i møti; men det var innfluttarar som gjorde seg vigtige og vilde kritisera og reformera, og slikt saarar og støyter god, gamal sjølvbyrgskap og gjer seg løglegt. Me kjenner dette slaget i Hardanger med – ikkje? Handi paa hjarta! Det er klokkar Anders Hjellum som hev gjort mest til og hev mest æra av framgongen i Jostedalen. Han er fødd i Underdal i Aurland, var sin fyrste lærartid i Mauranger og drog derfraa til Jostedalen, der han hev gjort ovleg gildt arbeid. Han er kraft, vilje og ihug heile mannen, møter du han paa vegen din, fær du snøgt inntrykk av, at um han hadde dei store, sterke nevarne fulle av hakkor og spadar, kunde han bera jarnstauren i munnen, likevel er hjarta hans stort og varmt og huglynne det bedste.

Det er einsamt aa vera prest i Jostedalen. Dei stana ikkje lenger enn dei er nøydde til som regel. No hev dei ein prest som dei er ovleg glad i, og ein gild, ung prest er det ogso. Han heiter Rongved og er son aat lensmann Magne Rongved i Hamre. Han er gift med ei traust telegjenta fraa Rauland. Gildare prestfolk er millom alle dei gilde er vandt aa raaka paa. Eg ynskjer deim meir godt enn eg veit aa nemna. Eg hadde mest ikkje hug reisa fraa deim eg, so koselegt var det hjaa deim. Men ein reisefant lyt iveg att. I straalande ver og paa fint slett føre køyrde eg dei 3 mil nedatt til Marifjøra. Farvel Jostedal!

[So framhald om Gaupne.]

B. K.

Kjelde

Hardanger, 12.3.1918.

Merknad

Det er uvisst kven som løyner seg bak signaturen «B.K.».

| |

Skriv ein kommentar