Main menu:

Undersider for Målreising:

Du er her: MålreisingYversyn 1907 og 1911

Yversyn 1907 og 1911

Vestlandske målkontor i Bergen (skipa 1904) gav i 1907 og 1911 ut oversyn over korleis det gjekk med målreisinga i vestlandsfylka. Dette var midt i den mest intensive målreisingsperioden, og det var før det fanst skikkelege statistikkar. Oversyna er difor viktige kjelder til språkskiftet. Her følgjer det som står om Jostedalen, Hafslo og Luster.

Yversyn 1907

II. Dei Herad, som er paa Yvergangen fraa dansk til norsk.

a. Dei som koma heile Heradet samla.

1. Luster. Vedtaket lyder: Det skriftlige Arbeide udføres til vanligt paa Landsmaal.
Lærebøkerne er og paa norsk utanum Trudomsbøkerne. Dei er paa Riksmaal.
Ingen Lærar talar dansk i Skulen.
(…)

b. Dei Herad som koma Krinsvis.

1. Jostedalen. Inkje noko Vedtak. 4 Krinsar hava den skriftlege Upplæring paa norsk, 1 paa Riksmaal. Alle Krinsar hava ABC og Bibelsoga paa norsk.
Ingen Lærar talar dansk i Skulen.
(…)

6. Hafslo. Skulestyret hev gjevet Læraren Paalag um at dei kvar i sin Krins skal arbeida fyre aa faa inn Lese- og Lærebøker paa norsk.
I 3 Krinsar er den skriftlege Upplæringi berre paa norsk, i 3 er det mest paa norsk og i 6 berre paa dansk.
Dei 3 fyrste Krinsarne hava ogso alle Lærebøkerne paa norsk. Mesteparten av dei andre Krinsarne hava berre Bibel- og Noregs Soga paa norsk, Resten paa Riksmaal.
Ingen Lærar talar dansk, men Blanding vert det hjaa sume.

Blixsalmarne. Sogn og Fjordarne. Til same Tid 1 var dei der innførde i Dale, Feet, Joranger (…)

Yversyn 1911

31. Hafslo. 2 krinsar hev den skriftlege upplæring og alle bøker paa riksmaal. Dei andre 10 hev landsmaal, skriftleg og i bøkerne. Den eine av desse krinsarne, Hafslo krins, hev daa likevel ikkje alle bøkerne paa maalet. Alle lærararne talar landsmaal. Maalfolket hev stort fleirtal i skulestyret – 17 mot 5.

Maalspursmaalet vog tungt ved siste heradsval. Og riksmaalsbladi visste aa fortelja ihaust at riksmaalsfolket hadde vunne ”stor seier”. Korleis denne ”sigeren” saag ut, kann me sjaa av avrøystingi um, kva maal møteboki aat heradsstyret skulde førast paa. Mot 5 røyster vart det vedteke at ho skulde førast paa landsmaal. Me skynar soleis at landsmaalet er i trygt fleirtal. Hafslo brandtrygdelag nyttar ogso landsmaalet i brevi og bøkerne sine. Her er eit maallag. So er ogso alle ungdomslagi og godtemplarlosjen for maalet. Eit riksmaalslag vart her skipa eingong. Men det er snaudt liv i det lenger. Maalbladi er truleg dei som hev dei fleste tingarane.

(s. 31-32)

34. Luster. Den skriftlege upplæring skal vera paa landsmaal. Lærebøkerne og, sonær som bøkerne i kristendom, som er ”valfrie”. Landsmaal talar alle lærarane. Maalfolket i stort fleirtal i skulestyret.

Bygdi er trygg og god maalbygd. ”Sekretæren” var der eingong, men freista ikkje skipa ”lag”. ”Den 17de Mai” fekk ei mengd tingarar etter den ferdi. Dei leidande paa nærsagt alle umkverve i bygdi er maalfolk. Sameleis ogso all ungdom. I heradsstyret hev vel maalfolket innpaa 2/3 fleirtal. Møteboki vert førd paa landsmaal. Det same vert ogso gjort i skulestyret. Maalbladi vinn seg godt fram.

(s. 35-36)

35. Jostedalen. Alt skriftlegt arbeid er paa landsmaal i alle krinsar. Abc-boki, leseboki, bibelsoga og kyrkjesoga er ogso paa landsmaal. Dei andre bøkerne er paa riksmaal. Naar ikkje alle bøker er paa landsmaal, kjem det mykje av at der ikkje er landsmaalsutgaavor av dei bøker som fyrr er tekne til bruk i heradet. Og folk kvider seg med aa føra inn nye.

Maalmennerne er i trygt fleirtal baade i skule- og heradsstyret og imillom veljarane. All ungdom er maalvenleg. Folk les helst maalbladi Skulestyret brukar landsmaal i bøker og brev. Dei andre styri brukar endaa riksmaal. Bygdi er trygg!

(s. 36)

Blixsalmarne er no tekne til bruk i desse kyrkjorne: (…) Joranger, Jostedal, Luster (Dale).

I desse kyrkjerne er dei ikkje tekne til bruk: (…) Gaupne, Nes, Fortun.

Kjelder

Yversyn yver Maaltilstandet i Kyrkja og Skule i Hordaland, Sogn og Fjordane Nyaarsbil 1907. Det vestlandske Maalkontor. Bergen 1907.

Yversyn yver maaltilstandet i Fjordarne og Sogn 1911. Det vestlandske maalkontor. Florø 1911.

  1. 12.1906
| |

Skriv ein kommentar