Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)Kjelder av og om FossProsterettssakene (1745-1761)

Prosterettssakene (1745-1761)

Sokneprest Matthias Foss var mellom 1745 og 1761 involvert i tre prosessar i prosteretten. Dette var fyrsteinstans i det eigne geistlege rettssystemet som eksisterte fram til 1800-talet. Prosten var administrator og dømde saman med to prestar. I prosteretten gjekk det me i dag vil kalle reine personalsaker, altså saker som galdt embetsførsla til prestane, og ei rekkjer typar saker som galdt tilhøvet mellom allmugepersonar og presten. Dette var saker som ikkje var så alvorlege at dei kom under den ordinære strafferetten.

Prosterettssakene frå Jostedalen 1745-61 er omfattande dokumenterte gjennom rettsreferata i justisprotokollen til Indre Sogn prosti. Dei utgjer kring 70 tettskrivne protokollsider og gjev eit unikt innblikk i indre tilhøve og konfliktar i jostedalssamfunnet midt på 1700-talet.  Med eitt unntak er rettssakene tidlegare berre sporadisk omtala, og då i dei biografiske omtalene av Foss.

Prosterettssakene gjekk parallelt med fleire saker mellom Foss og allmugefolk frå Jostedalen i det ordinære rettsapparatet (bygdetinget).

Saka 1745-46

Den fyrste prosterettssaka byrja med at ein flokk jostedøler framførte eit munnleg klagemål på sokneprest Matthias Foss for biskop Oluf Bornemann under visitasen i Dale 28. juli 1745. Bornemann gav prosten ordre om å finne ut kva som hadde skjedd, og det vart fyrst halde eit prosteforhøyr på Myklemyr 10. september. Jostedølene hadde her fått prokurator A. Rein til å framføre klagemåla sine. Det vart halde eit nytt prosteforhøyr på Røneid 14. oktober der Foss fekk svare på klagemåla, og i februar 1746 melde prosten at det vart beramma prosterett 19. april 1746. Partane hadde tidlegare avvist at det var grunnlag for forlik, men då prosteretten vart sett på Røneid 19. april, kom det til eit slags forlik likevel.

I løpet av rettsprosessen vart det rulla opp ei lang rekkje saker. Jostedølene klaga på at fleire personar var nekta sakrament, dei meinte Foss hadde forklart ei forordning om giftarmål mellom syskenbarn og tremenningar feil, dei meinte Foss hadde daska til ein konfirmant og overfalle Finn Johanson, og at han hadde stole ein sau og eit lam frå Marta Larsdotter.

Foss gjekk til motåtak og svara avvisande på klagemål, og skulda dessutan jostedølene for å skape uro ved kyrkja, skulda soldatane i bygda for ikkje å gå i kyrkja, skulda jostedølene for vantande betaling til skulekassa, for usømeleg festing og for å ha nekta Foss dei skysshestane han hadde krav på i samband med bispevisitasen 1745.

Det heile enda med at jostedølene trekte alle klagemåla mot Foss, la seg flate og bad ”om forladelse”. Foss på si side lova at han ”tilgiiver alle og eenhver”. Retten (prost Anders Daae og sokneprest i Hafslo, Christopher Munthe) hadde etter dette ein lett jobb. Dei formana allmugen om å ”omgaaes med deris velærværdige Sognepræst i ald ærbødighed og Kierlighed”. Foss måtte på si side handsame allmugen med ”Kierlighed og Sagtmodighed”, og han fekk tydeleg ordre om at ingen måtte nektast sakrament utan at det var godkjent av prosten.

Saka 1753

Hausten 1753 var rollene bytte om. Då var det sokneprest Matthias Foss som stemnde tre jostedøler og allmugen kollektivt for prosteretten, som vart halden på Flattum 4.-5. oktober 1753. Det enda med at to av dei tre og allmugen kollektivt vart domfelte i domsslutninga som fall på Flattum 16. november 1753. Peder Tøgerson La vart dømd for å ha omtala sokneprest Foss i ærekrenkjande vendingar under eit lag på Kruna, noko retten tok som at han ville ”ophidse almuen imod deres SognePræst”. Ole Asbjørnson Myklemyr vart òg dømd for ord mot presten – han hadde kalla Foss ”en tyv og en hund” og skulda han for å ha stole ei merr. Han hadde dessutan nekta drengen Nils å gå i skulen. Når det galdt allmugen, var retten svært kritisk til at allmugen meir eller mindre kollektivt hadde boikotta fleire gudstenester, men kunne ikkje utelukka at det skuldast dårleg ver og føre. Derimot var allmugen dømd for å ha halde born og tenarar borte frå overhøyring og katekisasjon i kyrkja. Peder Tøgerson La og Ole Asbjørnsen Myklemyr vart dømde til å betale bøter og sakskostnader, og allmugen vart òg dømd til å betale bøter.

Saka 1761

Den tredje og siste saka Foss var involvert i, var av ein heilt annan karakter. I justisprotokollen for prostiet har dette nedfelt seg i eit prosteforhøyr på Røneid dagane 29.-31. juli 1761. Saka var her ein ekteskapskonflikt mellom Matthias Foss og kona Marie Dreyer som var så alvorleg at biskop Ole Tidemand hadde funne det naudsynt å setje i gang rettslege steg.

Det vart lagt fram ei rekkje brev frå Matthias og Marie, og det vart ført åtte vitne. Vitna kunne fortelje om krangel og ukvemsord mellom ektefellane, og sentralt stod ein episode der Marie hadde kasta tekoppar etter Matthias og sendt ein heil del porselen i golvet. Nokon valdsbruk mellom ektefellane hadde ingen observert. Men den saka som hadde utløyst den mest omtala krangelen, er interessant nok: Det galdt usemje om ei paktarkontrakt i prestegarden der Marie meinte kontrakten ville føre til hunger og svolt for ho og ungane. Fyrst og fremst er denne saka forteljinga om eit djupt ulukkeleg ekteskap og ein prestefamilie som fekk ein trist lagnad i Jostedalen. Men gjennom vitneførselen får ein òg eit godt innblikk i prestegarden som sosialt system med ei rekkje folk innom dørene, noko som var med på å gjere ein privat ekteskapskonflikt til ei offentleg sak.

Det fall ingen dom i denne saka. Det var eit prosteforhøyr der føremålet var å hente inn opplysningar om saka. Men det førte i neste omgang til noko så uvanleg som ei skilsmisse mellom presten og prestfrua.

Kjelder

Statsarkivet i Bergen, Indre Sogn prosti, justisprotokoll nr. 1, side 98b-117a og 118a-134b.

Jostedal historielag har digitale kopiar av dei aktuelle protokollsidene og ei førebels avskrift av alle tre sakene.

I sakene 1753 og 1761 blir det i protokollen vist til ei rekkje dokument som så langt ikkje er attfunne i arkivet til Indre Sogn prosti i Statsarkivet i Bergen.

| |

Skriv ein kommentar