Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarDei minste gardane i Sogn (ca 1650)

Dei minste gardane i Sogn (ca 1650)

  

 

 

 

 

 

Jostedalen har ikkje berre vore prestegjeldet/kommunen i Sogn med færrast folk og gardar, men òg prestegjeldet med dei minste gardane. Figurane ovanfor er laga på grunnlag av ein tabell oppsett av Andreas Holmsen i 1937 og viser storleiken på gardane kring 1650 målt etter skyldtala i matrikkelen (omrekna til laupar smør). Her ser me tre ting:

  1. Borgund hadde ein (matrikkel)gard mindre, men større gardar, så samla var verdien av gardane i Jostedalen lågare enn i noka anna bygd.
  2. Jostedalen hadde saman med Oppheim sokn (no under Voss) dei minste gardane med eit skyldtal på 0,96 laupar smør i snitt per gard. Snittet for Sogndal, Luster og Lærdal var over dobbbelt så høgt, og snittet for heile Indre Sogn var mest dobbelt så høgt (1,8).
  3. Ingen gardar i Jostedalen hadde ei skyld over 2 laupar smør. I Sogndal, Lærdal, Luster og Hafslo hadde derimot kring halvparten av gardane ei skyld på meir enn 2 laupar.

Den største garden i Jostedalen etter 1647-matrikkelen var Kjeppe (Kreken) med ei skyld på 1,75 laupar. Det vil seie at meir enn halvparten av gardane i Luster var større enn den største garden i Jostedalen, og den største garden i Jostedalen var mindre enn snittet for heile Indre Sogn.

 

| |

Skriv ein kommentar