Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarSkattelister og matriklarKongetienda 1632

Kongetienda 1632

I 1620-åra fekk presten kongetienda i Jostedalen. I tiendemanntalet for 1632-33 var det slutt på denne ordninga, og her får ein for fyrste gong vite kor mykje kvar bonde ytte i tiende.

Avskrift

[oppslag 1]

Kong:Maytz: Thiende Register paa Huiss thiende koren, Vdi Sogen Lehn Oppebaarit, ehr Beregnit for et Aar fra St Filippi Jacobi Dags [=1. mai], Anno 1632 Och till Aarsdagenn Anno 1633.

[oppslag 4]

Jøstedallenn

Anders Faberrig 1 mele
Johannes ibm 1 mele
Gamle Olluff Lij 1 ½ mele
Jens Mielduehr 1 mele
Anders Jbm 1 mele
Olluff Jbm 1 ½ mele
Anders i Grouff 1 ½ mele
Anders Snøtun 1 mele
Siffuer Crone 1 ½ mele
Joen Helligaard 1 mele
Thosten Hougen 1 mele
Olle Espe 1 mele
Ohlle Kregen 1 mele
Aamund [og] Joen Berig[?] [Bjørk] 1 ½ mele
Lauritz Bache 2 meler
Vnge Olluff Lij 1 mele
Peder Sperlen 1 mele
Elling Fossen 1 mele
Mattis Ormberg 1 mele
Olluff Mychelmyr 1 mele
Rasmus Jbm 1 ½ mele
Anders i Aasen 1 ½ mele
Arne Bruemb ½ mele
Olluff ElffeKrogen
Lasse och Bendicht Behrsetter

 

Summa forskrevne Thiende Beløber
Korn – 2 ½ tønde 2 meler

Kjelde

Riksarkivet. Rentekammeret inntil 1814. Reviderte regnskapar, Lensrekneskapar. Bergenhus len. Tiendemanntal Sogn, 1.5.1632-1.5.1633 (Skanna utgåve, Digitalarkivet)

Merknad

1 tønne = 10 mæler (1 mæle = 16,2 liter).

Tiendemanntala for 1620-21, 1626-27 og 1627-28 slo fast at sokneprest Mikkel Nilsson i Jostedalen skulle ha kongetienda på grunn av dei ringe vilkåra for presten. I det neste bevarte tiendemanntalet frå 1631-32 er Jostedalen ikkje nemnd. Men i 1632-33 er Jostedalen altså komen inn att, og no betalte jostedalsbøndene kongetienda til kongen.

I tiendemanntalet står Jostedalen etter Hafslo prestegjeld. Sokna i Hafslo er lista opp med tillegget «…annex» i overskrifta, og prestegjeldet er summert før «Jøstedallenn» (utan «annex») byrjar. Det er såleis heilt klart at Jostedalen her ikkje vart rekna som annekssokn til Hafslo, slik tilfellet var 1615-18.

Luster (Dale) prestegjeld leverte eigne tiendemanntal og er såleis ikkje med i tiendemanntala for Sogn futedøme. Jostedalen er både i 1624-26 og 1632 nemnd som annekssokn til Luster, men dette galdt ikkje i skattesamanheng, og Jostedalen var aldri ein del av dei separate futerekneskapane for Luster prestegjeld.

Det er uvisst kva endringa kom av. Mikkel Nilsson døydde ikkje før ein gong mellom 1.5.1634 og 1.5.1635, så tienda må ha vorte teken frå han medan han levde. Simen Nielssøn vart avløyst av Peder Paasche som fut i Sogn i 1629/30, så det kan ha vore ei forklaring. Det kan òg ha samanheng med at Jens Juel tok over som lensherre over Bergenhus i 1629 og ikkje ville fornye privilegia som Mikkel må ha fått av Knut Gyldenstjerne Henrikssøn, lensherre 1619-27. Det kan òg ha samanheng med det auka skattetrykket i siste halvdel av 1620-åra. Men dette er det ikkje mogleg å slå fast sikkert.

| |

Skriv ein kommentar