Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)Biografi1727-41: Utdanning og noregsopphald

1727-41: Utdanning og noregsopphald

Matthias Foss byrja på Sorø Skole i 1727 då han var 13 år. Skulen i Sorø ca 75 km vest for København var Danmarks eldste skule og var på denne tida ein lærd skule som gav universitetsførebuande utdanning.

På Sorø budde Foss hjå kjøpmann Johan Adolph Foss, som truleg var ein slektning av faren. Han gjekk ut av skulen som 19-åring i 1733, og Hatting (ca 1770) skriv at Foss vart «dimitteret med Magister Johan Snedorffs testimonio». Snedorff var rektor på skulen.

Universitetsmatrikkelen fortel at Foss vart immatrikulert ved Københavns Universitet 31. juli 1733, og her fekk han Ludvig Holberg som «Preceptor» (ein slags fadder). Foss tok baccalaureus-graden (bachelor) i 1736 og fullførte teologistudiet i 1741.

Hatting skriv at Foss «Blev ved Academiet til 1739. Reiste samme Aar til Norge». Dette noregsopphaldet vert stadfesta av tingboka for Solør og Østerdalen. Her går det fram at Foss den 3. oktober 1740 har lånt 100 riksdalar til svogeren sin, Hans Christian Bjørn, som var sokneprest på Kvikne. Bjørn gifte seg i 1737 med Anna Margrethe, systera til Foss, og dei flytte frå Sorø til Kvikne same år.

Kjelder

 

| |

Skriv ein kommentar