Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)BiografiEktefelle og etterkomarar

Ektefelle og etterkomarar

Ektefelle

Matthias Foss var gift med Marie Hedvig Kristine Dreyer. Bakgrunnen hennar er ukjend. Ho var 66 år då ho vart gravlagd 8.2.1777, så ho må då ha vore fødd i 1711 eller 1710. Etter alt å døme var ho dansk som Foss – inkje tyder på at ho var frå Noreg.

Ingen omtaler opplyser når dei gifte seg, men det fyrste kjende barnet deira vart fødd 22.6.1742. Foss var ferdig med studiane våren 1741 og vart utnemnd til sokneprest i Jostedalen 15.5.1741, så det er sannsynleg at dei gifte seg i Danmark sommaren/hausten 1741 etter at Foss hadde fått embetet og før Marie vart gravid ca. i oktober.

Ekteskapet mellom Matthias og Marie gjekk over styr, noko alle biografiske omtaler legg stor vekt på. Ekteskapskonflikten vart bretta ut i eit prosteforhøyr i 1761, og etter dette fekk Foss løyve til å skilje seg frå kona. I kjeldesamlinga er det eitt brev om Marie Dreyer frå 1763 og to frå 1775. Det siste gjeld saka der Marie vart innsett på tukthuset i Bergen for betleri, ei hending dei kyrkjelege overordna til Foss ikkje tok nådig opp.

Marie døydde fattig i Bergen og vart gravlagd 8. februar 1777. Skiftet etter henne vart halde 12. juni 1777.

 

Etterkomarar

Albert Hatting (kring 1770) er truleg kjelda til at Matthias og Marie Foss fekk ti born, men Lars Øyane har i gards- og ættesoga for Jostedalen (1994, s. 331), berre funne att seks. Kyrkjeboka viser at dei òg fekk eit dødfødd barn, så det blir i alt sju kjende born:

1. Hedvig Kirstine Foss (døypt 22.6.1742 i Gaupne, gravlagd i Bergen 6.8.1783). Var ugift, men fekk dottera Elisabeth Maria (døypt 24.6. og gravlagd 11.7.1771 i Jostedalen).

2. Cathrine Malene Foss (døypt 9.7.1743, død 1770), ugift.

3. Jørgen Foss (døypt 9.8.1744, gift 1773 i Bergen, gravlagd i Bergen 29.3.1791). Fekk to søner: Andreas (1772), som døydde kort tid etter fødselen), og Andreas (døypt i Bergen 10.7.1776) – meir om han nedanfor.

4. Magnus Foss (døypt 7.11.1745, gravlagd 3.12.1745).

5. Magnus Foss (døypt 14.1.1747, død 1770), ugift.

6. Dødfødd barn utan namn (fødd 5.4.1747, gravlagd 9.4.)

7. Anne Margrethe Foss (døypt 16.3.1749, gravlagd 3.11.1750).

Datoane for alle fødslar/dåpar og dei tre jordfestingane 1745-50 går fram av kyrkjebok for Jostedalen 1733-1751. Dei andre dødsåra er attgjevne etter dei biografiske omtalene utan å vere kontrollerte.

Kyrkjeboka for Jostedalen etter 1751 manglar, så slik sett kan dei ha fått fleire born, men det verkar urimeleg at dei skal ha fått tre born til. Hatting, som sjølv budde i Bergen, skriv at etter det han veit (kring 1770), lever berre to søner og to døtrer, og det stemmer med dei kjende dødsåra ovanfor. Hatting skriv at båe døtrene er i Bergen, og som mora lever dei i «den alleryderste Fattigdom».

skiftet etter Marie Foss i juni 1777 vert det opplyst at berre to born lever: Hedvig Kirstine og Jørgen.

Då Matthias Foss døydde i 1792, var også dei to siste borna hans døde – Hedvig Kristine som 41-åring i 1783 og Jørgen som 46-åring i 1791. Den einaste arvingen i skiftet etter Matthias Foss var dermed barnebarnet Andreas Jørgensen (f. 1776 i Bergen), i 1792 hattemakarsvein i Bergen.

Det er truleg Andreas me finn att i folketeljinga 1801 i Kristiansand. Då var han 25 år, ugift og svein hjå hattemakarenkja Anne Hansdatter. Kor lenge Andreas levde, kva som hende med han og om han eventuelt hadde etterkomarar, veit me ikkje. I 1801 stoggar såleis det siste sporet etter Matthias Foss sine etterkomarar.

| |

Skriv ein kommentar