Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)Biografi1741-44: Møtet med Jostedalen

1741-44: Møtet med Jostedalen

Matthias Foss var ferdig med teologistudiane våren 1741 og søkte sokneprestembetet i Jostedalen 18. april 1741, fire dagar etter at det vart ledig. Han var truleg einaste søkjar, og 15. mai vart han utnemnt til embetet (sjå dokumenta).

Det tok mest eitt år før Foss og kona Marie kom til Jostedalen og overtok prestekallet. Det skjedde laurdag 7. april 1742, truleg etter at Foss hadde møtt jostedølene på vårtinget for Luster og Jostedalen i Dale  4.-6. april. Sundag 8. april heldt han så si fyrste gudsteneste. Kyrkjeboka er bevart fram til 1751 og er ei svært viktig kjelde til dei fyrste ni åra til Foss i Jostedalen (sjå avskrift). Kyrkjeboka viser at Foss gjekk laus på prestegjerninga med stor energi og prøvde å få skikk på det vanskjøtta prestekallet som ikkje hadde hatt fast prest på fire år.

Matthias og Marie Foss kom til Jostedalen midt oppi den store nauda som var valda av fleire år med misvekst. Dette råka òg prestefamilien, både ved sviktande avlingar i prestegarden og dårleg evne på gardane til å underhalde presten. Det finst ein omfattande dokumentasjon av nauda og dei offentlege tiltaka som vart sette inn, og som òg galdt prestefamilien (sjå det desperate brevet frå Foss 26.2.1743 med peikar til dokumenta).

Foss sitt ynske om å kome seg bort frå Jostedalen i 1743 førte ikkje fram, og dei neste åra vart avlingane betre.

| |

Skriv ein kommentar