NVE gav i 1966 Direktoratet for Statskraftverka i oppdrag å lage ein samla plan for kraftutbygging i Breheimen og Vest-Jotunheimen. Utbyggingsplanen med konsesjonssøknad vart oversendt Olje- og energidepartementet i 1973. Planen dekte eit svært stort område og ville bli den mest omfattande kraftutbygginga i Noreg (ca 5000 GWh i gjennomsnittleg årsproduksjon).
Planane hadde to hovudalternativ, «Øvre Otta utbygd austover» og «Øvre Otta mot vest». Alternativa var like for Jostedalen: Vatn frå høgfjellsmagasin i Kupevatnet og Styggevatnet/Austdalsvatnet skulle utnyttast i Fåbergstøl kraftverk, gå inn i eit kunstig magasin på Fåbergstølsgrandane og så sendast vidare under breen til Lodal kraftverk, ned i Lovatnet og gjennom Loen kraftverk ut i fjorden.
Planane var svært omstridde, og Statskraftverka trekte i 1977 attende alternativet «Øvre Otta mot vest». NVE bad Statskraftverka lage nye planar for separate utbyggingar av vassdraga. Då var Leirdølautbygginga alt gjennomført (1974-78), og fleire vassdrag var verna (som Mørkridsvassdraget) eller i ferd med å bli verna. Breheimenplanen vart så i 1980 redusert til ei utbygging av Jostedalsvassdraget (gjennomført 1984-89). Vassdraga i Stryn vart seinare verna og ei redusert Øvre Otta-utbygging vart gjennomført 2002-05.
Les meir
Publisert av Oddmund, 21.08.2013 (sist endra 22.08.2013)
Skriv ein kommentar